Denne våren set to bygdebutikkar i vårt område kroken på døra. Like før påske stengde det tradisjonsrike Handelshuset på Nerlandsøya.

Dermed var den siste bygdebutikken i ytre Herøy historie. Ein veldriven butikk som også har ytt ein uvanleg stor service både til bygdefolket og bedrifter, ikkje minst til lokale reiarlag.

Det er eit faktum at ei bygd blir meir fattig når daglegvarebutikken forsvinn. Ikkje berre når det gjeld behovet for å skaffe seg varer i nærleiken, men også når det gjeld det sosiale.

Mange dreg til butikken nesten berre for å slå av ein prat med folk. Eit innslag av uvurderleg verdi i lokalsamfunnet, ikkje minst sidan det er nesten er heilt slutt på den tida då folk stakk på tilfeldige besøk til kvarandre.

Like etter påske kom meldinga om at lokalbutikken på Leikong lir same lagnad. Her har det vore drift i snart halvanna år etter at Coop la ned butikken. Det var bygdefolket sjølve som tok initiativ til å reetablere butikken, ein framstøyt som i seg sjølv provar kor viktig ein butikk er i ei bygd.

Dessverre slo ikkje det nye konseptet an heilt slik ein hadde håpa på, og no er det opphøyrssal. Så vil bygda eventuelt finne ny bruk av det sentralt beliggande butikkbygget.

Det har blitt slik at dei store kjedebutikkane formeleg syg omsetting ut av bygdebutikkane. Det er berre å sjå på døma Tjørvåg, Myrvåg og Leikong, der Kiwi-butikken i Myrvåg tappar småbutikkane for kundar. Men så er der også eit til dels betydeleg prisnivå som kundane sjølvsagt kjenner til.

I dag er det att to butikkar på Gurskøy-delen av Herøy. Resten av butikkane i Herøy ligg nær kvarandre, i Fosnavåg. I Sande har alle bygdene daglegvarebutikk. Men det er ikkje sjølvsagt at dei har desse moglegheitene. Sluttar folk å handle der, stengjer butikken. Så enkelt er det.