Årsaka skriv seg frå ein oljelekkasje, opplyser Mesta.

Ferjekaia vil vere stengd i to-tre timar medan oppryddinga går føre seg. Dei andre anløpa i sambandet, Kvamsøya, Åram og Larsnes, går som normalt, vert det opplyst.

Det er for tida ei mellombels ferjekai på Voksa, som eit ledd i arbeidet med å bygge ny ferjekai på staden.

Oppdatering: Klokka 12.26 opplyste Norled at det igjen var normal drift i sambandet.