Nyhende →
Rig Pilot var det første norskbygde offshorefartøyet til ein norsk reiar
12. desember 2022 var det nøyaktig 50 år sidan Rig Pilot vart overlevert frå Voldnes skipsverft i Fosnavåg til reiarlaget Sandøy Supply i Brattvåg. Dåpen fann stad ti dagar tidlegare, på Skateflukaia i Ålesund. I eit surt desemberver knuste gudmor Hjørdis Uksnøy sjampanjen mot skutesida. Den hustrige gjengen på kaia visste at dei var vitne til ei historisk hending, men dei visste ikkje kor mykje dette skulle bety for landsdelen.