Når du ferdast i naturen her ute i havgapet er det mykje å sjå opp for, men ser du nokon gong ned? Det vi skal fortelje deg no vil kanskje få deg til å sjå gull i gråstein og gjere berga i våre kommune atskilleg meir spennande.

Historia startar på Sjøholt i Ørskog. På veg opp på fjellet, snaue fem minutt frå sentrum, tek eg til venstre inn til ein gard med ei stor raud løe. Utanfor løa står ein 65 år gammal mann med ein sigarett i handa, mysande mot den steikande vårsola. Rundt han ligg tonnevis med forskjellige steinar. Store steinar, små steinar og steinar underteikna aldri har sett før.

Eg har ikkje før kome ut av bilen før leksjonen er igang.

– Løft på den der da, seier Hallvard. Han peikar på ein middels stor stein full av malm som ligg inntil løeveggen.

Mannen smiler til min heller forbausa reaksjon då eg kjenner kor tung den er.

Eide er no steingal

Hallvard Eide er lidenskapeleg opptatt av geologi og er ein vaskekte «Reodor Felgen». Sjølv om han ikkje er utdanna geolog er han nok ein av Noregs fremste entusiastar når det kjem til stein og mineral. I tillegg til dette er han ein god, gammaldags oppfinnar og skulptør, som har utvikla mange patent til blant anna betongindustrien. For fleire herøyværingar er han kanskje også kjend som mannen bak døypefonten i Herøy kyrkje.

Etter berre nokre minutt har hovudet til underteikna kapitulert i møte med det leksikonet av kunnskap som Eide lirer ut av seg, medan han viser fram stein-typane som ligg utstilte på gardstunet hans.

– Men dette er ingenting, flirer Hallvard.

Han låser opp hengelåsen på løedøra og avslørar den verkelege steinsamlinga si.

Hylle på hylle og tonn på tonn med dei merkelegaste steinar møter oss då vi går inn. Mannen må jo vere steingal.

Ei skjult gullgruve på søre

Å beskrive det som er å sjå i løa i detalj ville fylt avisa på eiga hand, men dette skal seiast: denne mannen likar å samle.

– Folk kastar nok ting i naturen. Det skulle berre mangle at ikkje nokon også tek litt inn.

Minerala rundt oss har kvar sin merkelapp som viser til plassen dei er funne. Og det er akkurat derfor Vestlandsnytt har kosta på seg ein ferjebillett og nokre køyretimar i dag. For…

– Mykje av det du ser her i løa er faktisk henta frå der du bur, smiler Eide, og leitar fram ein grønfarga stein.

Steinen han viser fram er av mineraltypen «apatitt». Det er ein fosfatstein som blant anna er hjørnesteinen i kunstgjødselindustrien. Den inneheld dessutan 0,2-1 % sjeldne jordmetall, som teknologiverda skrik etter.

– Denne er det masse av der ute. Den kan potensielt starte eit industrieventyr, seier Hallvard med sjølvsikker røyst.

Som ein manifestasjon viser han fram dokument der han har kartlagt andre mineralførekomstar i kommunen.

Rubinar og edelsteinar

Min rundtur i Eides mineralmekka har omsider nådd eit lite rom med ekstra staseleg belysning og glashyller. Ein skulle tru ein var hjå ein smykkehandlar.

Dette er kanskje nokre av dei mest sjeldne funna Eide har i si store samling. Smaragdar i fyldig grønfarge, safirar i havets fargespel og blodraude rubinar skin mot oss. Og kanskje det mest spennande av alt …

– Nokre av desse er frå eit område i Herøy og Sande, seier Eide, og legg ein rubin med djup raudfarge i handa mi. Han fortel at nokre av rubinane og safirane han har funne ute i havgapet er av verdsklasse.

Med heilt openlys agenda spør eg kvar i kommunane han har funne dei. Ikkje overraskande får eg ein avsporande kommentar til svar:

– Du er ikkje den einaste som spør meg om det, flirer Eide, og held fram med å vise meg korleis edelsteinane ser ut i mikroskopet som han også har utstilt.

Donerer samlingar til Herøy

Under omvisinga blir det fleire gongar klart at Hallvard har smerter i ryggen. Han fortel at han i dei siste åra har slite med sjukdom, noko som har sett ting i perspektiv.

– Eg kan ikkje ta med meg all den kunnskapen eg har samla i grava. Derfor har eg no byrja å sjå på korleis eg skal vidareføre mi interesse for geologien.

Eide fortel at han blant anna har tatt ei avgjerd om å donere delar av steinsamlinga si til utstilling både på Thon Hotel Fosnavåg og på rådhuset i Herøy.

– Eg håpar at eg kan inspirere folk til å sjå tilbake på røtene våre. Vi starta som kjent i steinalderen og har gjennom heile verdshistoria vore avhengige av kva mineral og teknologi vi har fått ut av bakken og berga. Dette er min misjon! Å få folk til å sjå verdien og ressursane som vi i vårt petroleumseventyr har gløymt litt.

Industri og geoturisme

Etter omvisinga i løa set vi oss utanfor huset i sola, der Eide teiknar opp moglegheitene som ligg i kommunane på søre, geologisk sett.

– For det fyrste har de ein potensiell industri som kan gro ut av mineralførekomstane i kommunane. Noko av det ein finn i Herøy og Sande er mineral som verda skrik etter.

Eide fortel at det allereie er sett i rørsle tiltak som skal sjå på moglegheitene for Herøy, og viser blant anna til eit vedtak gjort i formannskapet for ei veke sidan. Formannskapet i Herøy har nemleg stilt seg positive til at det vert jobba med å søkje forskingsmidlar til å sjå på dei geologiske moglegheitene kommunen.

– So er der ei anna verdifull side ved dette, og det er geoturisme. Ei sterk nisje som stadig er i frammarsj. Denne type turistnæring kan verkeleg trekke til seg store inntekter om ein gjer det rett. Søre luten står i ein særs god posisjon for å utvikle slik type næring.

Har planar

Hallvard Eide har allereie fått hjula til å spinne og tek sjølv del i prosjekt i Herøy som skal sjå nærmare på moglegheitene i geologien. Meir enn dette ynskjer han ikkje røpe på noverande tidspunkt. Likevel dristar han seg til å spå at kommunen ute i havgapet har spanande tider i møte om ting går rette vegen.

Før eg takkar for omvisinga har Eide nokre siste velvalde ord å seie til folk som kanskje blir inspirert av hans funn.

– Det er viktig å behandle naturen med respekt. Eg har sett og veit kor folk kan verte når dei høyrer slike ting som eg no har fortalt. Likevel har eg trua på at dei sunne verdiane på søre er dei rette til å ta fatt på ei geologisk eventyr der ute i havgapet, avsluttar «steingalne» Eide.