Herøy kommune har vedteke å gå vekk frå det interkommunale innkjøpssamarbeidet når det gjeld skulebøker og skulemateriell. Årsaka er eit politisk ønskje om at lokale leverandørar av slikt materiell skal få kome i posisjon.

Kommunen ønskjer difor å inngå ein rammeavtale på dette området for det komandes skuleåret. Talet på elevar som innkjøpet skal dekke er 1025.

Dei siste åra har Herøy kommune brukt i snitt 650.000 kroner i året på innkjøp av skulemateriell. Det komande skuleåret vil innkjøpa bli noko reduserte. Det skuldast dei nye læreplanane som skal takast i bruk frå skulestart 2020.

Rammeavtalen skal omfatte skulebøker inkludert lærebøker, lærarrettleiing, oppgåvehefte, fasit og digitale lærings- ressursar som er ein del av læreverket. Vidare skjønnlitterære bøker, temabøker, opp- slagsverk og annan faglitteratur, samt fagbøker for profesjonsmarknaden.

Skulebiblioteka inngår ikkje i avtalen som berre gjelds skulesektoren.

Konkurransen vert gjennomført i samsvar med lov om offentlege anskaffingar, noko som inneber at det skal gjennomførast ein konkurranse mellom fleire leverandørar. Invitasjonen går difor ut til tre leverandørar som blir vurderte til å vere aktuelle for dette oppdraget. Ein av desse er Vestvang Bokhandel i Fosnavåg.

Innleveringsfristen for tilbod er sett til 20. mai.