Folk med interesse for lokalpolitikk har kanskje fått med seg at dei folkevalde snakkar om det som skjer i «bobla». Lokalpolitikarane har nemleg eit internt datasystem som heiter Acos, og der skjer det saksbehandling fortløpande. I alle fall kan politikarane legge inn forslag til vedtak, endre på forslag og elles få rimeleg god oversikt over korleis den politiske saka står før eller under handsaming.

Ingen andre enn politikarane og administrasjonen kan sjå kva som skjer i «bobla». Verken presse eller folk flest veit kva som skjer der.

Presseforbundet har over tid vore kritisk til slik «lukka sakshandsaming», og Sivilombodsmannen har konkludert med at forslag som vert lagde i «bobla» er å rekne som saksbehandling, ergo er dei offentlege. Intensjonen med bruken av «bobla» er nok ikkje å hindre innsyn, men det er eit av fleire døme som i sum gjer at openheita er under press.

Føring av postlister er ein gjengangar, også i våre kommunar. Stadig vekk er det dokument som manglar, både av ut- og inngåande post.

Vi har sett fleire døme på dokument som kjem på postlista fleire veker og jamvel månader etter at dei skulle ha vore lagde inn. Det siste dømet er henta frå Sande. Mange dokument er av ulike grunnar B-stempla (ikkje offentlege). Dei fleste skal også vere det.

Men vi må dessverre melde: Ved fleire høve har Vestlandsnytt klaga på B-stempla dokument i Herøy kommune, og ofte har vi fått medhald frå høgare instansar i at B-stemplinga var feilaktig. På tide med ein gjennomgang av rutinane, Herøy kommune?

Eit litt trasig og ferskt døme på manglande openheit er invitasjonen frå ordføraren i Herøy til andre politikarar. Der skulle dei, bak lukka dører, drøfte møtekultur og leiing, arbeidsmiljø, endringar i møte, etisk og politisk regelverk og diverse. Fine ting, alt saman. Men poenget er at dette er saker som er offentlege.

Politikarane må aldri gløyme at openheit er avgjerande viktig. Forvaltinga må aldri begynne å drive hemmeleg saksførebuing og / eller gøyme unna dokument – kanskje i frykt for at det vert omtala. Dette er ein kjepphest for oss, på vegner av innbyggjarar, tenestemottakarar og veljarar.