Konferansen, som i år feirar femårsjubileet sitt, har eit stjernespekka program. To tidlegare statsrådar kjem, Sylvi Listhaug (Frp) og Linda Hofstad Helleland (H) er invitert til å snakke både om valet og kva dei «blå» vil gjere om dei kjem i posisjon igjen. Det kjem også politikarar frå den andre sida, slik at det vert litt balansert.

Representantar frå store gründerfamiliar i regionen er også med. Per Sævik, Njål Sævik, Kjersti Kleven og Tore Ulstein skal mellom anna snakke om skaparglede.

På konferansen vert det elles ein presentasjon av Sparebanken Møre sin gründerkonkurranse Næringsteft. Her skal nyskaparar syne fram nokre av sine idear.

Vestlandsnytt sine abonnentar kan sjå konferansen direkte på Vestlandsnytt.no. Sendinga startar etter planen 16:45 og blir tilgjengeleg i løpet av onsdag føremiddag på vår heimeside.