Dette var hovudspørsmålet vi retta til pensjonistforeininga Tine-Tunga, som i førre veke og denne helga vitja kommunen. Gjennom reisebyrået Per Gynt Tours kom dei med turistbuss frå Trondheim for eit firedagarsopphald. På programmet deira kunne ein finne både byvandring, Runde-besøk, lokalmat, kystmuseum og Herøyspel. Vi møtte dei fredag etter å ha vore på ein rundtur i heile kommunen, guida av Guri Aasen i forteljarverksemda Vestafor måne. Då sat dei 26 turistane ved solveggen på Thon Hotel Fosnavåg, å leska seg med ei utepils som avslutning på ein elles innhaldsrik dag.

– Nei, her har det ikkje vore nokon som har sagt jammen enno. Så lang er vi nøgde, forklara ein av turleiarane Åse Lund, om fredagens seanse.

Fredagen starta for dei med byvandring i Fosnavåg der dei fekk lære om både fiskeriet og byutviklinga som har utarta seg her opp gjennom historia. Her fekk dei også smake på lokale matvarer på Meny Fosnavåg, før turen gjekk til Mulevika med historiske innstikk frå både Skorpa, Svinøya og Shetland-tida. Deretter gjekk turen til Runde miljøsenter der fisk stod på menyen, både smaksmessig og visuelt. Dei fekk servert torsk og vart vist filmen «Havets sølv». På toppen av det heile fekk dei også sett på utstillinga av Runde-skatten.

– For å seie det slik. Det vi kallar fisk i Trondheim kan ikkje måle seg med det vi fekk smake her, sa Lund.

Naturopplevinga!

Men apropos smak. Kva var det av opplevingane her ute som falt best i smak, spurte vi dei. Eit spørsmål som for dei var litt vanskeleg å svare på.

– Innleiingsvis vil vi seie at vi generelt er svært nøgde med heile opplegget, og at dette er noko vi kjem til å anbefale reisebyrået å satse meir på. Dette var ikkje ein standartur som dei tilbyr, men ein vil etterspurde, forklarte Lillian Krogh, også i reisefølgje.

– Når det er sagt, naturelementa de har her ute er absolutt noko ein bør formidle og satse på, sjølv om stadar som Runde sel seg sjølv. Dette med å også fokusere på dei historiske utviklingane og utnyttinga av naturen er noko som for oss tilreisande er svært interessant, sa Lund.

Universell utforming i sentrum

Sjølv om gjengen tilsynelatande ikkje hadde mykje å utsetje på turen, betyr ikkje dette at det er ein ukritisk gjeng vi har med å gjere.

– Nei, vi seier ifrå om det er noko som vi ikkje likar, forsikra Krogh oss om.

Om der var noko å utsette av ting på turen, kunne pensjonistforeininga peike på at Fosnavåg by enno har litt igjen å arbeide med når det kjem til å gjere staden optimal for rullestolbrukarar og dei med nedsett evne til å kome seg rundt.

Åtvarar om hvalfart

Elles stiller pensjonistforeininga seg litt kritisk til at ein generelt ser eit auka press frå reiselivsbransjen. Dei meiner ein ikkje skal vere redde for å sette på bremsa om tilkomsten av turistar blir for stor, for det meiner dei det kan bli, sjølv om det ligg gode pengar i det.

– Perler som dette bør vernast for hvalfart av turistar. For mange turistar vil skade opplevingane ein får her ute og øydelegg eksklusiviteten som gjer det så attraktivt, peika Lund på, som er spesielt kritisk til at det vert marknadsført så kraftig mot dei store turistmassane i Asia.

– Det handlar noko om å bevare det opphavlege, då er det mykje meir verdt, avslutta ho.