Då straumprisen gjorde nokre kraftige byks også i vår del av landet i slutten av november, og vart verande på eit skyhøgt nivå, fekk vi augo opp for problema privatfolk og bedrifter lenger sør i Sør-Norge har opplevd over tid. Samstundes fekk straumkundar også på Nordvestlandet kjenne til fulle kva konsekvensar det både gir og kan medføre.

Enkelte vil kanskje påstå at straumprisane ikkje slår så veldig negativt ut for privatkundar, sidan vi får straumstøtte når prisen overstig eit visst nivå. Sanninga, om ein spør ein minstepensjonist som ikkje sit så godt i det, eller ein småbarnsfamilie med dyrt bustadlån, er litt annleis. Det er nemleg tvilaust at prisnivået slår svært negativt ut, ikkje minst når ein må snu på kvar ei krone. Alt må sjølvsagt sjåast i samanheng med sterkt aukande rentenivå og generelt prisnivå, til dømes når det gjeld matvarer.

Det har kome fleire signal frå næringslivet, store og små bedrifter, om at dei ikkje kan leve med det nivået straumprisane har lagt seg på denne vinteren. Det er heller ikkje optimistiske signal å hente frå bransjen, der vi blir fortalde at vi nok må leve med eit høgt prisnivå.

Utan betre og meir treffsikre ordningar når det gjeld tilrettelegging for næringslivet i høve til straumprisar, kan det raskt hende at vi får fleire konkursar. Kort sagt vil straumprisane vere den utløysande faktoren som gjer at nokre må setje kroken på døra. Det er fleire døme på bedrifter også i vårt område som tel på knappane etter å ha fått straumrekningar som er tre-fire gongar høgare enn tilsvarande nivå på same tid i fjor.

Oppsummert må det kome betre ordningar for straumstøtte både for privatfolk og bedrifter. Dei må kome snarast mogleg. For dette har vi faktisk ikkje råd til.