Ytre Herøy ungdomsskule har gjennom sitt valfag for 8. og 9. klasse, «Innsats for andre», som mål å gjere velseda arbeid og gode gjerningar. Vestlandsnytt har til dømes skrive om då elevar tidlegare i år var på Herøy omsorgssenter for å glede brukarane der. No har valfaget nok ei velgjerning å vise til, ettersom dei denne veka kunne overrekke ei pengegåve til Barnekreftforeininga.

– Pengane kjem mellom anna frå kakesal som vi har hatt i friminutta her på skulen. Også har 8.-klasse hatt ein eigen trinn-fest der inntektene gjekk til dette formålet, forklarar nokre jenter i 9.-klasse då i besøker YHU denne veka.

Dette har resultert i to gåvesjekkar, den fyrste på 4791 kroner frå 8. klasse, og ein på 2493 kroner frå 9. klasse.

Kry lærar

Lærar i faget Kristiane Runde, er begeistra over det elevane har fått til, og fortel at dette er noko som dei sjølv har kome på.

– Gjennom årets undervisning har vi lært om organisasjonsarbeid og kva ulike organisasjonar står for. Deretter bestemte dei seg for å samle inn pengar til Barnekreftforeininga. Dette er eg naturlegvis stolt over, forklarar Runde.

– Blir det mange bra karakterar av slikt?

– Ja, vi har karakterar basert på innsats og engasjement, og vi har mange gode karakterar i dette faget, smiler Runde.

Viktig bidrag

Fungerande styreleiar for Barnekreftforeininga i Møre og Romsdal, Frode Tilseth, blir veldig glad då han får høyre om pengegåva.

– Det er fantastisk at elevane gjer ein slik innsats. Slike gåver har stor betydning for personar i vanskelegstilte situasjonar, seier Tilseth.

Han fortel at pengegåver som dette går til trivselstiltak og opplevingar for unge kreftpasientar.

– Det er mange barn som må bu lengre tider på sjukehus. Då er det viktig å gi nokre lyspunkt i kvardagen, og det bidreg desse elevane til, seier Tilseth, som ønskjer å sende ut ei særskilt takk til dei i alt 27 elevane som tek valfaget.