Det kan likevel hende at bygdefolket på Sandsøya og Voksa stiller eiga bygdeliste. Der sonderer ein i desse dagar terrenget, med ei snarleg avklaring som målsetting.

Tverrpolitisk liste for Voksa, Sandsøya og Kvamsøya har vore ein viktig faktor i Sande-politikken sidan første gong ytrelista stilte til kommuneval, tilbake i 1987. Dei første periodane var også Åram krins med.

Men no er det altså slutt.

– Vi har prøvd og prøvd, men har dessverre ikkje lukkast med å få nok folk til lista, seier varaordførar Anne-Marte Skarmyr Beitveit.

Ho legg ikkje skjul på at det er i hennar krins, Kvamsøya, vanskane har vore størst med å få folk til å stille. Dette, kombinert med litt avskaling mellom folk med lang fartstid, gjer at dei til slutt måtte kaste korta.

– Eg veit at det kanskje blir ei eiga liste for Sandsøya/Voksa. Det er sjølvsagt beklageleg at vi ikkje stiller igjen, for eg meiner Sande Vest har vore ein viktig bidragsytar til utviklinga av lokalsamfunnet. Det vil framleis vere svært viktig at folk stiller på liste, og at også vi på øyane har sterke talspersonar i kommunestyret, seier Beitveit.

Ho legg også til at det framover blir minst like viktig som før at kommunen «ser» alle delane av kommunen.

– Stiller du på ei anna liste?

– Det veit eg ikkje heilt enno. Eg har ikkje bestemt meg, seier Beitveit. Sist haust tok ho over som varaordførar då Helge Støylen flytta frå kommunen.

Hansen: Bør vere grunnlag

Vi tok kontakt med Bjørn Thore Hansen, som har vore involvert i arbeidet med å tromme i hop ny Sande Vest-liste. Han stadfestar at det no vert gjort ein freistnad på å få til ei liste for Sandsøya og Voksa.

– Det vert jobba med saka, for her meiner vi det bør vere grunnlag for å få stilt bygdeliste igjen. Men eg kan førebels ikkje seie meir enn det, sa Hansen då vi snakka med han måndag føremiddag.

Den tverrpolitisk lista i ytre Sande såg dagens lys ved kommunevalet i 1987, då dei gjorde eit brakval og fekk ein tredjedel av stemmene. Ved kommunevalet i 1991 stilte også Sande Nord (Gursken/Gjerdsvika) liste, og til saman fekk dei to bygdelistene nær 56 prosent av stemmene.

Siste periodane har Sande Vest vore åleine som bygdeliste i kommunen. Lista fekk tett på 20 prosent oppslutning ved kommunevalet i 2015.