Rett nok hadde vi både kaffi og twistbitar på lur til gjestane, men open dag hadde eit bestemt føremål denne gongen: Assistanse til å bruke den digitale delen av abonnementet.

Ofte får vi nemleg høyre om abonnentar som av ulike årsaker ikkje får teke i bruk den digitale delen av abonnementet. Det kan vere fleire grunnar til at folk ikkje «kjem seg inn»; teknisk, mistydingar, det kan vere dårleg informasjon frå oss i avisa, eller så er det rett og slett nokon som er usikre på korleis dei skal gå fram.

Det var bakteppet for at Vestlandsnytt annonserte med open dag fredag, samstundes med at Sommarfesten i Fosnavåg var godt i gang.

Avisa stilte med to personar, journalist Bjørnar Torvholm Sævik og Runar Vegsund frå Polaris-konsernet.

Ein gjengangar mellom dei som søkte assistanse er at dei ikkje har registrert e-postadresse i vårt abonnementssystem.

Ring kundesenteret

For dei av abonnentane som ikkje brukar alt det abonnementet inkluderer, blir det etter alt å døme fleire opne dagar. Før det skjer, er det i mange tilfelle lurt å ringe 700 84 400 og taste innvalsnummeret for abonnement, og så får ein hjelp også der. Det ein då treng, er uansett ei e-postadresse slik at kundesenteret kan gjere nokre korte grep før du kan ta i bruk det ein betalar for.

Mange er også usikre kva den digitale delen av abonnementet faktisk inneber. Det er mellom anna e-avis, som i praksis er papiravisa på nett, og som vert publisert kvelden før utgjeving.

Dessutan inneber det at ein også får tilgang til alle sakene som blir publiserte fortløpande på vestlandsnytt.no. Her kjem dei aller fleste saker før dei kjem i papiravisa. Ofte mange dagar før, om ein føler for å halde seg oppdatert om kva som skjer i området vårt.

Nettavisa er elles ein stad der ein gjerne finn endå fleire bilete i enkelte saker, for å ikkje gløyme videoinnhald, noko vi satsar meir og meir på gjennom SøreTV.

For eventuelle nye abonnentar kan vi også nemne at eit heildigitalt abonnement er rimelegare enn å vere komplettabonnent, der ein har papiravisa i tillegg.