– Eg tenkjer nok dei fleste forstod at her måtte det vere noko gale, smiler Muren etter ein travel føremiddag med telefonar frå folk over heile landet.

Mange av Arnljot sine kjenningar ringde nemleg for å vere heilt sikre på at det ikkje var så gale fatt som e-posten kunne tyde på.

Landtroll i Ukraina

Her fortel «Arnljot» at han står landtroll i Ukraina, utan pass og kredittkort, etter å ha blitt fråstolen bagen sin. Ambassaden var villig til å hjelpe han med å ta eit fly utan pass, men han måtte ha tak i pengar til å betale hotellrekningar med, og til billetten heim.

I denne uheldige situasjonen tenkjer eg på om du kan låne meg 24.680 kroner, avsluttar «Arnljot» og tilbyr seg å sende detaljar om korleis pengane kan overførast til han.

Utruleg kontaktnett

I kraft av sine mange verv innanfor politikk og organisasjonsliv har Muren eit utruleg kontaktnett fordelt over det ganske land. Dermed var det hundrevis, ja kanskje tusentals, medlikelydande e-postar som blei spreidde i morgontimane fredag.

– Eg har ikkje tal på kor mange som har ringt, men sidan i dag tidleg har eg ikkje fått gjort så mykje anna enn å forsikre folk om at betalingsdyktigheita mi er intakt, smiler Arnljot når vi besøker han heime i stova i Gursken.

Over ein kaffikopp kan Arnljot fortelje at han kvelden før hadde fått ein e-post frå Microsoft med beskjed om at nokon hadde prøvd å logge seg inn på e-postkontoen hans. Difor ville dei at han skulle gi opplysningar om e-postadresse, passord og telefon.

– I mi tankeløyse slo det meg ikkje at dette kunne vere eit forsøk på hacking, seier Arnljot.

Han gjorde som han fekk beskjed om, men fekk seg ein liten stuss då det kom ok-melding tilbake på tysk, etter at den fyrste oppmodinga var skriven på engelsk.

Sperra alle kontoar

Arnljot fortel at det var fyrst fredag morgon han verkeleg forstod kva han var utsett for. Då var han ikkje sein om å hive seg i bilen, over Drageskaret og til banken på Larsnes. Der fekk han sperra alle kontoar og kort.

– Eg fekk også teke ut eit par tusen kroner i kontantar slik at eg hadde til kaffi og røyk over helga, smiler han.

Deretter oppsøkte han datadokteren sin (Per Arne Hjelle) for å få han til å ta ein nærare kik på maskina.

– Eg tenkte fyrst å hive heile maskina, men Per Arne meinte at med litt arbeid kunne den sikkert friskmeldast, seier Arnljot og viser fram bunken med alle gamle e-postadresser han fekk utskrift av med det same. No vil han bruke helga til å ta ei opprydding i kontaktlista.

– Når eg er ferdig skal eg ikkje ha andre på lista enn dei eg likar, smiler han.

Så langt han hadde fått stadfesta i løpet av føremiddagen fredag, var det ingen som hadde lide nokon skade av hackinga han var utsett for. Men sjølv om det meste er eigna til å le av, meiner han at saka også har ei meir alvorleg side og kan vere ein spore til ettertanke på kva som skjer med all personinformasjonen som svevar oppe i det blå.

– Vi som er vanlege folk har ikkje peiling på kva som verkeleg går føre seg der oppe, seier han.

Etter fredagens hacking-oppleving vil Arnljot Muren gi dette rådet til andre som kan kome til å oppleve det same:

– Får du slike spørsmål, så slett. Eg skjøna etter kvart at noko var gale, men då var det allereie for seint. Då var skaden gjort, seier han.

TRAVELT: Arnljot Muren fortel om ein travel føremiddag der kjentfolk frå det ganskje land ringde for å forsikre seg om alt stod bra til med han. Foto: Jann Flatval