Herøy Janitsjar, under leiing av Jette Hougaard Holstad, baud på actionfylt musikk i Fosnavåg konserthus laurdag kveld, då James Bond stod på plakaten.
Heile 18 av dei 20 låtane var songnummer. Janitsjar-musikantane og dei innleigde vokalistane – Arnhild Bjerkvik, Brigitta Hauge og Trygve Sætre; alle frå Sande – imponerte publikum med flotte framføringar.
1 / 4Gunnar Wiik
På scena: Ein strålande konsert med eit fantastisk Janitsjar-ensemble og tre vokalistar av nasjonalt kaliber er over. Musikantane i Herøy Janitsjar, konferansier Trond Ihle, dirigent Jette Holstad og dei tre Sande-vokalistane – Trygve Sætre, Arnhild Bjerkvik og Brigitta Hauge – tek imot ståande applaus frå eit begeistra publikum.
Alle foto: Gunnar Wiik.