Så tidleg som i 2010 fekk kommune oversend ei underskriftsliste med krav om retting av kloakkproblema på den aktuelle strekninga mellom Moltu skule og sildoljefabrikken. No har folk teke kontakt med kommunen igjen med etterlysing av den illeluktande saka.

Her blir det peika på at dette området går kloakken frå husstandar rett i veggrøfta, og vidare til ei elv som går til sjøen med nærliggande småbåthamn og populær badeplass som er nytta av skule, barnehagar og elles folk frå heile kommunen.

Det er ofte sterk og sjenerande lukt i området, og nye prøver som Kystlab har analysert viser at elva er sterkt forureina.

Folk finn forholda heilt uakseptable, og forventar ei omgåande retting.