Skrive av Oddhild Gjengedal, einingsleiar Larsnes oppvekstsenter

Fredag 15. desember var det igjen duka for den årlege nissegrauten på Larsnes oppvekstsenter, og som tidlegare år var det helselagsdamene på Larsnes som stod for koking og servering.

I tillegg til det både betalte dei for og handla inn til måltidet!

Det vart ei koseleg og mettande førjulsstund for elevane våre. Tilbakemeldinga frå elevane om korleis grauten smakte var som alltid gode og positive.

Ei stor takk til dei alltid like kjekke og smilande helselagsdamene! Truleg blant verdas mest generøse helselagsdamer!