På Kvamsøya vart det registrert ein del skepsis mot planane om utviding av naturvernområdet ved Ristesundsanden.

Det er forståeleg. Meir vern fører i praksis til at innbyggarane, og deira aktivitet, vert innskrenka.

I Sande er det frå før store verneområde, med omsyn til natur, sjøfugl og andre årsaker. På Sandsøya er det – litt sett på spissen – slik at verneomsyn, og nærleiken til verneområde, i dag faktisk stenger for vidare utvikling.

Først har ein 100-metersbeltet, så kjem verne- og omsynsområde for sjøfugl, og lenger oppe i terrenget kjem ein i konflikt med lyngen, som også har fått ein slags vernestatus.

For ein del år tilbake, då nye verneområde i Møre og Romsdal var under planlegging, var delar av dei låge holmane og øyane sør for Molde by føreslegne som utvida verneområde. Dette vart seinare trekt, av omsyn til at dette er populære utfartsstadar for folk.

Altså; små kommunar og lite befolkningstette bygder står i fare for å bli «meir verna» enn større stadar – på grunn av kjøtvekta.

– Ingen skal kjenne seg tatt på senga, forsikra Statsforvaltaren i eit møte med Sande kommune i fjor.

Likevel er det all grunn til å vere merksam på ei utvikling der det relativt jamleg vert teikna inn nye eller utvida verneområde på kartet. Sjølvsagt skal ein ta vare på lokale verdiar. Men ikkje for kvar ein pris.