I eit brev sendt til rådmann Olaus-Jon Kopperstad 4. januar i år summerer Gevelt opp det han meiner er ei rekke ulovlege handlingar utført av Aasmund Torvik på Torvik sitt eige bygg Vikane Eiendom.

– Den bruksendring og svære oppgraderinga både ute og inne som blei føreteke av Aasmund Torvik etter at han kjøpte aksjane i Vikane Eiendom i 2014, er ikkje berre i strid med godkjent reguleringsplan, men alt er utført utan søknad. Vi meiner dette er høgst kritikkverdig, skriv Gevelt i brevet.

Vidare heiter det;

– At han no ynskjer å få betalt for alle dei ulovlegheiter han er ansvarleg for, og som vil koste oss mykje pengar berre å rydde opp i, er vanskeleg for oss å akseptere.

Berre ein «lagerhall»

Gevelt viser til at det berre er gitt løyve til oppføring av ein «lagerhall», og at det ikkje gir løyve til innreiing av betydelege kontorareal, eller eit sanitæranlegg med både dusj og WC. Han viser også til at avlaupsvatnet går rett i sjøen.

I brevet blir Herøy kommune sitert på at dei den 06.06.2018 har gitt følgjande tilbakemelding til Gevelt.

– Bygget er framleis registrert som lagerhall, og vi har ikkje motteke nokon søknad om verken bruksendring, fasadeendring eller isolering.

Samtidig er også Gevelt klar over at ein del av fasilitetane sannsynlegvis er etablert før Aasmund Torvik kjøpte aksjeselskapet i 2014.

Gevelt meiner derimot at ei hending i fjor vår er med på å underbygge skuldingane mot Torvik.

– Når det gjeld taksering av bygget, hadde eg gjort ein avtale med Norconsult om å utføre denne jobben i fjor vår. Problemet var at Aasmund Torvik sette seg imot å sleppe til nokon for å synfare hans eigedom. Det kan eg på ein måte forstå, då han sannsynlegvis også er klar over at alle forhold som ikkje tidlegare er søkt om ville blitt avdekka i ein slik takstrapport, skriv Gevelt.

Medieutspel kjølna interessa til Asia-aktør

Gevelt hevdar også at ein svært seriøs aktør frå Asia var interessert i å ta Torvik-prosjektet vidare, men at medieutspel og ein tilbakekjøpsklausul står i vegen.

– Medieutspela som Aasmund var arkitekten for, samt tilbakekjøpsklausulen som ligg i avtaleverket for dei parsellane vi kjøpte av Herøy kommune, har gjort denne grupperingaskeptiske og dei har foreløpig valt å trekke seg frå sluttforhandlingar, skriv Gevelt.

Samtidig hevdar han at «Aasmund er i ferd med å lykkast med sin strategi».

– Kommunen vernar om ulovlegheiter

Gevelt retter også sterk kritikk mot Herøy kommune.

– Så lenge kommunen framleis vel å verne om Aasmund Torvik sine ulovlegheiter, i tillegg til at vi ikkje rår over tomtene vi kjøpte lenger enn fram til sommaren, har det rett og slett blitt umogeleg å profilere området i marknaden. (…) Vi treng no å vite korleis Herøy kommune har tenkt å handtere dei ulovlegheiter som så langt har blitt sett mellom fingrane med i forhold til denne eigedommen, skriv Gevelt.

Nokre dagar seinare heng også pådrivar/styreleiar for Torvik Resort, Sven Torvik, seg på kritikken.

– Vi set no meir trykk på kommunen i det som er ein kommunal fråskriving når det gjeld ein ferdig stadfesta reguleringsplan frå Fylkesmannen. (…) Vi ser det som svært beklageleg at det ikkje er vilje i kommunen til å skjære gjennom for å få ro og føreseielegheit for oss som ynskjer å satse i vår kommune, skriv han.

Sven Torvik viser også til at prosjektet ikkje er ubetydeleg, og at slike prosjekt tek litt tid, då dei må forankrast i den internasjonale marknaden. Avslutningsvis ber han om ei avklaring på kva det er Herøy kommune ynskjer.

Som svar til Sven Torvik melder både rådmann Olaus-Jon Kopperstad og utviklingsleiar Ole Magne Rotevatn at Herøy kommune har vore i møte med Aasmund Torvik om ei tomt på Mjølstaneset. (sjå sidesak).

Har varsla tilsyn

Kommunen har også varsla Vikane Eiendom om at kommunen vil gjennomføre tilsyn ved industribygget i Torvik. Bakgrunnen for tilsynet er opplysingane som kommunen har fått om at bygget inneheld element som ikkje er bygningsmessig godkjende av kom- munen, heiter det i varselet.

– Sjølv om det kanskje ser annleis ut på papiret, er vår oppfatning utifrå den dialogen vi har hatt med Gevelt at det dei ikkje er fornøgd med er korleis vi har gjennomført tilsyn på eigedomen til Vikane Eiendom. Det tilsynet har vi no sett i gong, og etter mine rapportar er det venta resultat frå tilsynet i løpet av veka, seier rådmann Olaus-Jon Kopperstad i ein kommentar til Vestlandsnytt om skuldingane frå Gevelt og Sven Torvik.

Vestlandsnytt har også vore i kontakt med Aasmund Torvik. Han ynskjer ikkje å kommentere skuldingane før han har fått tid til å sette seg ordentleg inn i saka.

Vil reservere tomt på Mjølstaneset

Aasmund Torvik og Vikane Eiendom ynskjer å få reservere ei næringstomt på Mjølstaneset.

AAS­MUND TOR­VIK: Er man­nen bak Vi­ka­ne Eiendom AS og Lextor Marin AS. Her om bord i skro­get til ein av bå­ta­ne Lextor Marin har un­der byg­ging, i fjor haust. No vil han ha re­ser­ve­rt ei tomt på Mjøl­sta­ne­set. ar­kiv­fo­to: sti­an lang­lo dri­ve­klepp Foto: Stian Langlo Driveklepp

Rådmannen tilrår at formannskapet i Herøy vedtek at Aasmund Torvik får reservert ei næringstomt på Mjølstaneset når saka kjem opp tysdag.

Eit vilkår i reservasjonen er ein kjøpefrist 30. september i år.

I eit brev til kommunen skriv Torvik at den aktuelle tomta også tidlegare har vore tiltenkt han.

– Då Nordic Resort AS gjekk i gong med å regulere området i Torvik, blei alle grunneigarane i området kontakta av utbyggaren med tilbod om å inngå intensjonsavtale om kjøp, dersom reguleringsplanen kom på plass. For Vikane Eiendom AS blei det inngått ein avtale om å sette opp eit erstatningsbygg på Mjølstaneset, med dei fasilitetar eit moderne industribygg har. Denne avtalen blei inngått i 2009. Samtidig vart det reservert ei tomt på Mjølstaneset som eit ledd i avtalen, skriv Torvik.

Blei ein del av Sigurd Teige sine planar om fiskemottak

Aasmund Torvik skriv vidare at åra gjekk, utan at det skjedde noko meir rundt Nordic Resort. I 2016 tok dåverande kommunalsjef samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller, kontakt med Torvik. Han ville då vite status på avtalen.

– Då fekk Møller til svar at det ikkje var nokon form for progresjon, men at Nils Chr. Gevelt meinte avtalen var terminert i forbindelse med at eg tok over 100 % av aksjane i Vikane Eiendom, skriv Torvik.

Vikane Eiendom mista då reservasjonen på tomta, og tomta blei ein del av Sigurd Teige sine planar om eit større pelagisk fiskemottak.

– Då eg såg i Vestlandsnytt at Sigurd Teige hadde skrinlagt sine planar for utbygging på Mjølstaneset, tok eg kontakt med Herøy kommune og viste mi interesse for å få tilbake den tomta vi først hadde reservert på Mjølstaneset, skriv Torvik.

Vil bygge hall og dokk

Han vil sette opp ein isolert monteringshall med innvendig høgde på om lag åtte meter. Det vil bety at hallen blir på ca. 800 kvm.

Vidare ynskjer Torvik å lage ein dokk inn i terrenget der dei kan sjøsette og ferdigstille båtane. Noko som vil krevje at det kan fyllast ut ein liten molo for skjerming av innløpet, skriv Torvik.