– Vi har bilferja «Utne» ledig frå komande årsskifte, og har kome med forslag til vegvesenet og fylkeskommunen om å setje denne ferja inn på sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya.

Det opplyser regionsjef Inge André Utåker i Norled til Vestlandsnytt.

«Utne» er ei ferje som er godkjend for fartsområda på Larsnes-sambandet. Ferja er bygd i 2015 og er tett på 50 meter lang. Ferja har ein kapasitet på 40 personbileiningar.

Trengst litt tilpassing

Utåker legg til at det er ein del tilpassingar som må gjerast før «Utne» kan erstatte «Kvam».

– Vi må gjere ei vurdering av kva som må gjerast med kaiene for at «Utne» kan trafikkere her. Ei mindre kai med ei tilhøyrande støtte på Voksa må fjernast, og det kan også hende det må til litt mudring ved ei anna kai, seier regionsjefen.

Utåker legg til at planen, om dette vert løysinga, er at «Kvam» skal erstatte «Austevoll» på ferjesambandet Skjeltene – Lepsøya – Haramsøy.

Etter det Vestlandsnytt skjønar, har den moglege rokeringa også vore drøfta i samferdselsutvalet. Førebels utan noko endeleg avklaring.