Mannen er dømd til fengsel i fem månader, med ei betinga prøvetid på to år. Eit særskilt vilkår er at mannen gjennomfører eitt-årig ungdomsoppfølging i konfliktrådet.

Til saka høyrer det også at vedkomande som er dømd, tidlegare er dømd for fem biltjuveri og sju tilfelle av køyring utan førarkort.

I saka, som var oppe i Sunnmøre tingrett 27. november, innrømde mannen alle forholda han var sikta for.

Det første tilfellet skriv seg frå 26. november 2017, då vedkomande var saman med fire andre ungdomar og køyrde rundt på Dimna. Ved Kleven Verft kom dei over ein Mercedes som stod parkert ved ein brakkerigg. Nøklane låg i bilen, og karane bestemte seg for å ta køyretøyet.

Dei unge mennene var no fordelte på to bilar, og køyrde til Herøy. Her plukka dei opp fleire kameratar og «køyrde rundt på Ytre Søre», som det heiter frå rettssaka. Den stolne Mercedesen vart nytta i tre dagar og blei til slutt parkert i Dragsund.

11. desember 2017 var sikta igjen saman med fire kameratar. Ein av dei hadde gløymt att personlege eigendelar i den stolne Mercedesen som no stod i ein bilverkstad på Dimna.

«Vart behov for fleire bilar»

Ungdomane oppsøkte verkstaden og tok seg inn gjennom eit vindauge. Her fann dei nøklar til bilane og stal to bilar, ein Opel Safira og ein Ford Mondeo. Igjen køyrde dei rundt på Ytre Søre Sunnmøre. Det «vart behov for fleire bilar», og dei unge mennene køyrde tilbake til verkstaden og henta endå to bilar, begge av merket Peugeot.

Klokka 07 neste morgon vart tre av bilane, ein av dei med den sikta bak rattet, stoppa av politiet ved Dimnakrysset.

22. desember 2017 var den sikta i Ulsteinvik sentrum saman med ein kamerat. På ein parkeringsplass stod ein Toyota Rav 4 med motoren i gang. Dei stal bilen og hadde igjen ein biltur på Ytre Søre.

Den sikta hadde så vidt fylt 17 år på gjennomføringstidspunkta i fjor, og hadde fylgjeleg heller ikkje førarkort. I tillegg til fengselsdomen på vilkår har han også fått halvanna års sperrefrist for å ta førarkort.

Mannen angrar på handlingane, heiter det frå rettssalen.