Torsdag skal Nordic Resort overta den tidlegare Furene-eigedomen på Leikong. Kjøpet er gjort med tanke på å kunne tilby makebyte med Vikane-eigedomen i Torvik, ein eigedom som er regulert for reiseliv i samband med Nordic Resort sine etableringsplanar.

– Med kjøpet på Leikong har vi eit alternativ til tomta på Mjølstaneset som Vikane Eigedom har avvist, seier Sven Torvik i Nordic Resort.

Formannskapet i dag

Samtidig med det nye tomtetilbodet på Leikong, har Vikane sett seg ut ei anna tomt på Mjølstaneset som dei har søkt om å få reservert. Dette er tomta som blei ledig etter at Sigurd Teige skrinla sine etableringsplanar på området. Rådmannen stiller seg positiv til søknaden som skal opp i formannskapet i dag.

Rein strategi

Der vil det òg bli framlagt eit ferskt brev frå Nordic Resort der tomtesøknaden på Mjølstaneset blir omtala som eit taktisk spel.

Søknaden om opsjon på tomt på Mjølstaneset ser vi som ein strategi for å kome i posisjon for å overta omliggande areal i Torvik, skriv Nils Chr. Gevelt i Nordic Resort. Her hevdar han at Vikane Eigedom ikkje har nokon intensjon om å flytte seg frå Torvik.

Eit godt alternativ

Sven Torvik peikar på at det tidlegare har kome sterke signal frå Vikane Eigedom om at anlegget på Leikong ville vere i tråd med behova som Lextor Marine kjem til å ha i framtida. Han viser til at i tillegg til bygningsmasse, har eigedomen på Leikong også den sjøtilgangen som Vikane Eigedom nytta som eit sterkt argument for å takke nei til det opprinnelege tomtetilbodet på Mjølstaneset.

Lite seriøst

Torvik viser til at dei òg har tilbode Vikane Eigedom eit kontant oppgjer i staden for makebyte.

– Men det blir direkte useriøst når utgangspunktet for dialog var ti millionar kroner, og alt anna blei sett på som uaktuelt, seier Torvik.

Torvik seier dei har prøvd å finne ei god løysing for Vikane Eigedom. Det meiner han dei har greidd å få til med kjøpet av eigedomen på Leikong.