Cupen vert arrangert i Oslo av Bækkelagets Sportsklub, og vert gjennomført frå 28. juli til 4.august. Kampane vert spelt på Ekeberg, Abildsø, Furuset, Lambertseter, Rustad og Valle Hovin.

Tips oss: Send inn bilete og oppdateringar undervegs i turneringa!

Her er dei 13 laga Herøy og Sande stiller med:

Bergsøy:

G13: Leiar Sveinar Frøysa skal med sitt 9-arlag møte Høybråten og Stovner IL, Klemetsrud IL og palestinske Gaza Kids.

G14: Toni Sandanger er leiar for 7-arlaget som spelar i gruppe 11, og dei møter Høyang, Dahle/Nordvestlandet 2 og Sokndal.

G15: Leiar Anders Helsem Hoff stiller med ein tropp som skal spele mot KF Ereniku (Kosovo), Fløy-Fotball og Loddefjord.

G15/16: Klubben stiller med eit 7-arlag, her også med Anders Helsem Hoff som leiar. Dei møter Tornado Måløy, Abilsø og libanesiske Wissam Academy.

Junior (menn): Leiar Børge Gjelseth er kontaktperson for juniorane, som skal møte Kongsberg, tyske Egernförde og Klebe SK.

J14: Bergsøy Fotball sender av garde berre eitt jentelag i år, nemleg 7-arlaget for 14-åringar. Ingolf Leikanger er kontaktperson for jentene som møter Åmdal-Tokke, Syril og Spind IF.

Tjørvåg/Moltu/Gurskøy:

G14: Tjørvåg samarbeider med naboane Moltu og Gurskøy om laga som er påmeldt. Elena Wisth og Stian Skogen sitt 7-arlag skal møte Nanset, Uskedal og Bokn.

G15/16: Tjørvåg/Moltu sitt gutar 7-arlag, med leiarane Erling Moltunbakk og Stian Tarberg, skal bryne seg på Hamarøy, Tana og Hafslo i innleiande gruppespel.

J14: Førsteleiar Irene Sporstøl sitt 7-arlag frå Tjørvåg/Moltu/Gurskøy skal møte Hemsedal, Korsgård og Sandviken.

Sande:

J14: Kvamsøy/Sandsøy vert også representert i årets turnering. Gunnar Ristesund sitt jentelag møter Fyresdal, Lyn Fotball 2 og Førde.

G14: Larsnes vert, delvis i samarbeid med andre, til stades på Ekebergsletta med tre lag. Aadne Sandanger sitt G14-lag er i pulje med Åmdal-Tokke, Kjelsås og Hamarøy.

J15/16: Frå Larsnes kjem også eit 7-arlag med jenter til Oslo. Laget, med Emilie Kvalen som leiar, skal innleiingsvis møte Fyresdal, Lyn og Hamarøy.

G15/16: 7-arlaget er meldt på som Larsnes/Gursken/Gjerdsvika, og har med seg Wenche Gjerde Sætre som leiar. Dei møter Tertnes, Lyn og Kragerø.

Vi ynskjer våre lokale utsendingar lukke til i årets Norway Cup, og oppfordrar spelarar, leiarar og støtteapparat om å sende inn bilete og oppdateringar om korleis kampane har gått undervegs i turneringa.