– Vi treng ikkje sol for å ha det kjekt her ute. Er det vindstille, opphald og mildt så held det i massevis, seier Kjetil Bjørneset, som er gendalagsleiar og ein av mange frivillige bak kvalsvikarane sin årlege stordugnad kalla Kvalsvikdagen.

Vêret folk vakna til straks helga var over, viser kor nær kvalsvikarane denne gongen var ein vêrmessig fiasko på dagen sin. Men det vart med dei få regndråpane som kom tidleg laurdag morgon, og resten av dagen vart det «bærre lækker».

Tok heile helga

I godvêret var det mange som gjorde Kvalsvikdagen til ein helgatur, og fann seg plass på bubilcampen allereie fredag. Heimturen starta ikkje før utpå søndag, og mange hadde då fått med seg både «Etter fjørstid» i Olaf-løda på fredagskvelden, og dansen som Kvalsvikdagen blei avrunda med laurdag kveld.

Opplegget for Kvalsvikdagen var slik folk kjenner det frå før, med eit stort innslag marknad og handel i det gamle naustmiljøet langs hamnepromenaden. Her kunne folk rusle rundt og late seg friste av alt det fine som nausta var fylte med av handarbeid og kunst. Mykje framstilt av lokale kunstnarar, men også for kunstnarar frå nabokommunane er Kvalsvikdagen ein mykje nytta marknadsplass.

Også fleire av dei nye nausta var tekne i bruk til sal og andre aktivitetar. Bjørneset fortel at 43 utstillarar er ny rekord, og etter tilbakemeldingane å døme fekk både utstillarar og publikum innfridd forventingane sine.

Kvalsvikdagen er dagen du garantert vil møte utflytta kvalsvikarar du kanskje ikkje har sett på ei stund. Mange set av denne helga til å ta seg ein tur heim, men mykje tyder på at Kvalsvikdagen også begynner å bli kjend godt utanom Herøy sine grenser.

Kanskje ny rekord

Gratis inngang på alt utanom dansen gjer at arrangørane av Kvalsvikdagen ikkje har noko nøyaktig besøkstal å gå ut med allereie no. Bjørneset torer likevel å tippe at på det meste var 5-600 bilar parkerte rundt om i bygda. Av desse var om lag halvparten parkerte på marka som var nyslått og utlånt til føremålet.

– Det er dei som meiner at dette måtte ha vore ny besøksrekord, seier Bjørneset i si oppsummering av det han vil kalle ei knallhelg ute i havgapet.

Kakebord og laks

Matsalet er lettare å ha oversikt over, og Bjørneset kan rapportere at det gjekk unna om lag 400 laksemiddagar, og av tett på 120 kaker var det berre ei halv sjokoladekake igjen då dagen var omme.

Til dansen laurdag kveld blei det løyst 450 billettar, og Bjørneset har difor tru på å få sjå positive tal når den økonomiske statusen for Kvalsvikdagen 2019 skal gjerast opp.

– Eg trur det blir netto, og så får vi sjå korleis vi skal bruke pengane til å gi noko tilbake til bygda, seier han.

Til slutt vil han rette ei stor takk til heile bygda for innsatsen som nok ein gong har vore lagt ned både før, under og etter Kvalsvikdagen.