Det faktum at det vert overskjøn knytt til ein av eigedomane på Storehaugen, gir ikkje nye forseinkingar på utbygginga. Men det er førebels uklart om det omstride feltet skal byggast ut kommunalt eller privat.
Storehaugen: Her er skissene som syner korleis byggjeareal, vegar og anna areal er regulert i feltet. Det er framleis ikkje avklara om utbygginga skal skje i kommunal eller privat regi. Lengst til venstre ser vi firkanten på litt under 3 dekar som det skal haldast overskjøn på.
Foto: Sande kommune