Det er forståeleg at framlegget om såkalla ressursrente på fisk skaper reaksjonar. I ein SINTEF-rapport vert det slått fast at førstehandsverdien på fisk meir enn tredoblar seg. Med andre ord: Fisken sysselset langt, langt fleire enn dei som eig båten og jobbar om bord. Ein ny skatt på fisk vil truleg også slå ut på fiskerikommunane sine skatteinntekter.

Vi går nærare inn i saka om fiske-ringverknadene ein annan stad i dagens avis. Om ein set seg ned og reknar litt over kor viktig fisken er for lokalsamfunnet, er det ikkje småtteri vi snakkar om. På Larsnes vert til helga nye Hovden Viking døypt. Larsnes Mek. Verksted byggjer fiskebåtar på løpande band. I dette nybygget sitt tilfellet er det bokstaveleg tala fisken som gir arbeid og smør på brødet til verft, underleverandørar, fiskarar og endå vidare utover.

Eit anna døme: Nyleg investerte Sigurd Teige fleire hundre millionar kroner i ein ny ringnotbåt med kvotar. Handelen er med og sikrar Herøy sin posisjon som sterk fiskerikommune. Også for fiskerimiljøet – «fiskeklusteret» om du vil – er oppkjøpet viktig og gledeleg. Det gir arbeid, aktivitet og skattekroner.

Vi har også reiskapsprodusentar og fiskemottak som er avhengige av at fiskerinæringa ikkje får lagt ein ny stein til børa. At førstelinjeleddet blir påverka, får fylgjer for dei andre som bidreg til at vi har eit sterkt lokalt apparat som er knytt til fiskeria. Ha også i mente at oljenedturen dei seinare åra har gjort fisken høvesmessig langt meir viktig enn før. Og: All regulering som dreier seg om fisk må reknast som distriktspolitikk.

Ein annan ting er at vi bør bli flinkare, både nasjonalt og lokalt, til å vidareforedle det fantastiske råstoffet som fisken er. Då vil han gje oss endå fleire kroner tilbake.