«Planlegg gigantisk næringssatsing i Dragsund» var tittelen på saka som Vestlandsnytt først presenterte i nettavisa sist onsdag, omtala i papiravisa etterpå. Herøy kommune, saman med Aurvoll og Furesund AS og Alti Forvaltning AS, varsla ei massiv utbygging som skal gje nytt næringsareal og nyetableringar.

For vårt område vil ei utbygging, om ho blir realisert slik dei som står bak ønskjer, representere eit lyft på mange vis. Både når det gjeld klargjering av grunn og tomter, bygging og påfølgande drift av ulike selskap og forretningar vil det skape aktivitet og ringverknader.

Prosjektleiar Kay Terje Myklebust i Aurvoll og Furesund AS slo fast at dei tenkjer variert når det gjeld kva type verksemd som skal eller kan etablere seg i området. Interkommunale tenester, offentlege verksemder, private forretningsbygg, fritid og oppleving, bustadar av ulike slag, energistasjonar, handel og logistikk vart trekt fram.

Herøy kommune har heile vegen vore svært positiv til prosjektet, tverrpolitisk. Vi trur ikkje det hadde skjedd for eit par tiår sidan, då det var lunken stemning til meir aktivitet i Myrvåg/Dragsund frå sentrale krefter i ytre Herøy. Ein frykta konkurransen.

I dag er stemninga annleis. Vi har snakka med fleire næringsdrivande i Fosnavåg som helsar ei satsing i Dragsund velkome. Aktivitet gir gjerne meir aktivitet, og eit utvida næringssenter i Dragsund kan gje fine regionale ringverknader. Nokreverksemder er allereie inne og snusar på etablering.

At ein har fått med Alti Forvaltning i arbeidet er viktig. Ein profesjonell aktør som har vore med på liknande utbyggingar trengst. Det er eit stykke opp og fram, og mange omsyn som må takast i prosessen vidare. Natur og samferdsel er to sentrale element. Det vert interessant å følge prosessen vidare.