– Oppussingsarbeidet vert gjort i høve 100-årsjubileet i november neste år, seier sokneprest Sigmund Bjerkvik.

Utvendig er kyrkja allereie komen i ganske god stand, etter iherdig dugnadsinnsats i sommar. No er det første byggetrinn innvendig som står for tur, med legging av nytt golv og renovering av våpenhuset.

– Kyrkja er sliten innvendig, og alle ser behovet for å gjere noko. No er vi endeleg komne i gang, seier Bjerkvik.

Denne veka innbyr arbeidsgruppa til dugnad, der agendaen er å skrue laus kyrkjebenkane og lagre dei i kyrkjekjellaren. Deretter skal golvbelegget i hovudskipet og våpenhuset bli fjerna.

– Det er den store innsatsen frå bygda som gjer oppussinga mogleg. Alt dette er basert på dugnadsarbeid og på ein god del innsamla midlar og gåver. Når det gjeld ytre vedlikehald, har vi også hatt eit veldig godt samarbeid med Sande kommune, seier Bjerkvik.