Liv, Bjørn Magne og yngstesonen flytta sist haust frå Haugsholmen i Sande til Austlandet. Planen var heile tida at dei skulle bu i Billingstad berre eitt år, for så å kome tilbake sommaren 2018.

Men no har planane fått eit skot for baugen.

– Vi har fått avslag på søknaden om skuleskyss. Om dei opprettheld vedtaket kan vi rett og slett ikkje flytte tilbake, seier Liv Sæther Myskja til Vestlandsnytt.

Nokre her og nokre der...

Dei to eldste borna og bestemor deira er framleis busette på Haugsholmen. Men no står enkelte familiemedlemer i fare for å bli meir permanent skilde, på grunn av eit fylkeskommunalt vedtak.

– Det seier seg sjølv at vi verken praktisk eller økonomisk kan stå for skuleskyssen sjølve. Det fungerte fint dei åra han gjekk på skule på Kvamsøya. Det kjennest urimeleg at dei skal kome med negativt vedtak etter at han i fleire år hadde skuleskyss før vi reiste i fjor, seier ei frustrert Liv Sæther Myskja.

Avslaget

Fylkeskommunen skriv i avslaget at dei ikkje er kjende med at det bur nokon fast på Haugsholmen (feil, red. mrk.). Dei reknar kostnaden med skuleskyss til 475.000 kr i året.

– Når det no vert søkt om fri skuleskyss på nytt og de ønskjer å flytte tilbake til Haugsholmen etter eit år i Billingstad, er det naturleg å gjere ei ny vurdering av skyssretten, heiter det i brevet frå seksjonsleiar Stig Helle-Tautra i fylkeskommunen.

I vurderinga vert det synt til at Utdanningsdirektoratet og Sivilombodsmannen meiner ein skal ta økonomiske omsyn.

– I denne saka vurderer vi kostnadene for så høge at å opprette eit tilbod om skuleskyss vil stri mot omsynet til ei forsvarleg økonomisk forvalting av samfunnet sine midlar, heiter det i avslaget.

Her skriv dei også til familien Myskja at «når de vel å busette dokke på Haugsholmen tolkar vi lova slik at de ikkje kan ha rettkomande forventingar til at fylkeskommunen skal dekke skyssutgiftene».

- De kan bu i Vanylven

I avslaget syner fylkeskommunen også til at familien kan få noko skyssgodtgjering om dei sjølve transporterer eleven.

– Det er sjølvsagt uaktuelt med tanke på dei tøffe forholda det er til sjøs i dette området, kommentere Liv Myskja.

Det vert frå fylkeskommunalt hald også orientert om at familien entuelt kan bu på eigedomen dei har i Vanylven slik at eleven kan pendle med ferje frå Åram til Kvamsøya.

Liv Myskja, som også er medlem i Sande kommunestyre, opplyser til Vestlandsnytt at familien vil klage på avslaget.

Vaagen: – Meiningslaust

Då vi fredag føremiddag ringde for ein kommentar, kjende ikkje Sande-ordførar Dag Vaagen til avslaget om skuleskyss. Etter å ha undersøkt saka litt, mellom anna hos familien Myskja, var han klar til å kommentere:

– Eg kjem til å engasjere meg i denne saka. Det verkar heilt urimeleg at fylkeskommunen, som har vore med på skyssordninga fram behovet fall vekk i eit år, no vil hoppe av ei etablert og god ordning. Faktisk har dei også spart seg pengar gjennom den mellombelse flyttinga. Det synest meir enn merkeleg at ikkje ordninga når resten av familien kjem tilbake.

Vaagen ser også Haugsholmen som viktig i kulturell og næringsmessig samanheng, ikkje minst gjennom det faktum at familien Myskja har vore sterkt delaktige i den gjenoppbygginga og merksemda som Haugsholmen har fått etter at han har blitt opna for ålmenta dei seinare åra.

– Dette er verdiar også fylkeskommunen har nedfelt og som dei støttar aktivt. At fylkeskommunen no skal vere eit hinder for fast busetting på Haugsholmen, verkar heilt meiningslaust, seier Vaagen til Vestlandsnytt.

– Det å bruke ambulanse- og pendlarbåten også til denne rolla, er heilt framifrå. Båten er eitt av fleire gode verkemiddel for å oppretthalde busettinga på øyane, seier Vaagen.

Han meiner samfunnet bør bidra til at Haugsholmen, der det har budd folk sidan 1600-talet, framleis kan vere tilrettelagt for busetting.