– Eg har kjent på dårleg psykisk helse i mange år. Til slutt greidde eg ikkje å halde det inne. Men takka vere ei fantastisk kone, samtalegrupper og terapien eg fann i å skrive dikt og songtekstar, er formkurva stigande.

Haldor Haugland Hjelmeseth var ein dei som delte erfaringar onsdag føremiddag. Då samla det seg ein fin bukett av folk i Fosnavåg sentrum, trass i at det kom ei og anna regnbye. Hjelmeseth tala for dei frammøtte, om korleis det å opne opp og snakke om kjenslene kan hjelpe med å kome på rett kjøl om tankane er tunge.

– Eg håpar at eg kan vere til inspirasjon og vise at vi ikkje lever i eit A4 samfunn, og at det er greitt å vere annleis. Ein bør snarare applaudere mangfaldet, sa Hjelmeseth til lokalavisa rett etter at han har haldt ein appell.

Fleire på stand

Rundt om kring på allmenningskaia var det også fleire lag og organisasjonar som stilte opp. Alle hadde til felles at dei jobbar med psykisk helsefremmande arbeid. I parken blei det arrangert boccia-konkurranse ved Moe Helse. Både for barn og vaksne.

Variert program

Elles var det fleire personar som bidrog med innslag til ettertanke denne dagen. Bjørn Holum hausta mange fine tilbakemeldingar etter å ha haldt sin opningstale. Aktiv trening stilte opp og viste korleis seniortrim kan verke positivt for den psykiske helsa. Det blei også synleg då Herøy og Sande seniordans inviterte publikum med til å svinge seg til gamle slagerar.

Musikk blei det også. Laila Fjørtoft Sandanger song vakkert og det same gjorde Jenny Mari Bøe. I tillegg fekk vi instrumental-nummer frå Herøy produksjon med Synnøve Kvalsvik på blokkfløyte og Sigbjørn Myrset på keyboard.

Programmet i sentrum blei avslutta med ein nær og open samtale mellom Herøy-ordføraren, Arnulf Goksøyr, og Jenny Mari Bøe. Dei to snakka om kor viktig det er å gi av seg sjølve. På kveldstid inviterte Fosnavåg kino til gratis filmframsyning av filmen Mirakel.

Takkar for flott arrangement

Per Veien vil, på vegner av alle som slit psykisk, takke for ei fin markering av Verdensdagen for psykisk helse.

– At kommunen engasjerer seg slik viser at dei inkluderer alle. For meg som slit, var det ein god støtte. Eg vil også takke KVIK-gjengen og dei som jobbar innan psykisk helse. Under markeringa var dei veldig flinke til å slå ring om meg. Folk som slit psykisk har ofte vanskeleg for å kome seg ut og vere med på aktivitetar, seier Veien.

Han har tatt vare på eit dikt av Anita Løkeland, som han vil dele. Han synest det passa godt til temaet for verdsdagen, «Vær raus»:

Det ofte skal så lite til ...

Tenk for ei fredeleg verd

vi kunne ha

dersom alle prøvde vera glad

og misunnelse på hylla vart lagt.

Alt dette utan å bruke makt.

Men dersom alt det negative

skal få rå

då må det berre gale veien gå.

Kan vi ikkje vera litt god og snill

med folk og venner som er rundt oss ikring.

Det kostar slett ingen ting.

Det ofte skal så lite til

eit vennligt ord, eit smil på kinn

vera glad for at du er til.

Tenk positivt, la positive tankar rå

då vil alt rundt deg lettare gå

Og kanskje du tenner

ein liten gnist

hos dem som har det tungt og trist.

Det ofte skal så lite til.

Er du villig til å selv noe gi?

Anita Løkeland