Regjeringa har sendt eit forslag på høyring der konsekvensen vert at publikum (og media) i praksis får mindre innsyn og kjennskap til det som skjer i den offentlege forvaltinga. Justis- og beredskapsdepartementet sende 31. mars ut forslaget om å endre offentlegheitslova.

Det er som kjent eit krav om journalføring av offentlege dokument. Såkalla organinterne dokument kan i dag haldast unna heilt eller delvis frå offentlegheita. Dei skal likevel journalførast. Sentralt i forslaget er at regjeringa ikkje vil at organinterne dokument skal journalførast.

Det vil i praksis avskjere allmenta, der media har ein jobb å gjere, med å følge med på kva som skjer, kva saker det vert jobba med. I praksis blir det som å famle i blinde for dei som vil vite noko.

Kristine Foss i Norges Presseforbund omtalar forslaget som «ekstremt inngripande». Ho peikar mellom anna på at føremålet er at samfunnet skal kunne følge med frå eit tidleg tidspunkt, medan det framleis er mogleg å påverke sakene.

Det vert i denne samanheng synt til § 100 i Grunnlova, der det heiter at alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane. Presseforbundet er ikkje åleine om å kritisere forslaget som i praksis vil føre til endå meir hemmeleghald.

Det er frå før utfordrande for media å følge med i saker som har allmenn interesse. Lokalt har vi fleire gongar kome over dokument som er typisk «opne» og høgst relevante for saksbehandlinga, men som ikkje er tilgjengelege før sakene er klare for vedtak.

Vi har også funne fleire døme på journalføring av dokument som skriv seg fleire veker og jamvel månader tilbake, altså på eit tidleg tidspunkt av saksførebuinga. Saker som er vedtekne, men lukka sjølv etter vedtak, har vi også lokale og ferske døme på. Dessverre, må vi tilføye. Kva som ikkje er journalført, men som burde ha vore det, veit vi ikkje omfanget av.

Ei realisering av det nye forslaget vil svekke tilliten til det offentlege, og må ikkje gjennomførast.