Neste år er det kommune- og fylkestingsval. Fleire politiske partigrupper har for lengst starta det krevjande arbeidet med å finne kandidatar som skal representere dei breie lag av folket. Samstundes ser vi ei utvikling der det verkar som orienteringssakene i ulike politiske utval og organ, vert fleire og fleire. I alle fall i høve til talet på ordinære politiske saker, altså saker der dei folkevalde faktisk bestemmer noko.

Det skal straks strekast under at det er ein situasjon politikarane i utgangspunktet har bestemt sjølve. Dette i høve delegasjonsreglementet, der dei folkevalde har gitt administrasjonen fullmakter til å gjere vedtak der det ikkje er nødvendig med politiske avklaringar. Slik må det nødvendigvis vere i mange saker. Det gjeld berre å finne den rette balansen.

Nyleg hadde vi ei sak frå Sande, der ein vurderer endra politisk organisering mellom anna fordi det syner seg at det i alle fall i hovudutvala er dramatisk få ordinære saker. Det kan godt hende det er rett av Sande å gjere endringar, men samstundes må ein også sjå på kvifor det vert færre og færre politiske saker. Har politikarane gitt frå seg for mykje makt? Vert dei berre «nikkedokker» som må godta det eine og andre, utan at dei kjenner at dei har reell påverknad, slik dei pliktar å ha når det gjeld drift og investeringar?

Orienteringar frå administrasjonen til dei folkevalde er også viktig, og i alle fall når det til dømes vert varsla om endringar i rammer og betingelsar kring prosjekt som er vedtekne. Men også orienteringssaker er offentlege. Vert det ført protokollar som kan gje ålmenta innsyn i orienteringssakene? Vi veit at der er innbyggarar både i Herøy og Sande som spør om innhaldet i orienteringssaker, som ofte vert presenterte berre muntleg, og ferdig med det. Om slike ikkje vert samanfatta også skriftleg, for offentlegheita, kan det gi grunnlag for spekulasjonar som ingen er tent med.