Sist veke hadde Vestlandsnytt ei større sak på tilsynsrapporten frå Statsforvaltaren kring tenestene til Herøy kommune overfor born og unge med stor funksjonshemming. Det er til dels svært overraskande og skuffande lesnad i rapporten.

Brukarane får ikkje forsvarleg habilitering og opplæring. Kommunen har ikkje god nok oversikt over diagnosar og legemiddel i sitt journalsystem, og det er heller ikkje gode rutinar på informasjonsutveksling mellom foreldre og dei som gir tenesta. Faktisk har det vore tilfelle der born har fått feil dose medisin, eller ikkje medisin i det heile teke.

Det er alvorlege funn som er gjorde i tilsynet. Konklusjonen om at det er fare for liv og helse er ein alvorleg tankevekkar for kommunen. Handikappede barns foreldreforening engasjerer seg sterkt i samband med framlegginga av rapporten. Dei peikar på at det er eit politisk ansvar å rydde opp, slik at tenesta opererer innanfor lovverket igjen.

Herøy kommune opplyser at dei allereie har sett i verk tiltak for å betre situasjonen. Nye lokalitetar er også på gang. Men det er sjølvsagt ikkje nok.

På same tid vert det nemleg streka under, frå administrasjonen i kommunen, at «dei fleste av avvika kjem av personalmangel». Erfarne tilsette har slutta, og kommunen erkjenner faktisk at dei ikkje har mange nok tilsette med rett kompetanse.

Kommunen slår fast at dei føresette skal kjenne seg trygge på at borna deira har det bra i tenesta. Det siste er ein temmeleg forpliktande lovnad, ein lovnad det i skrivande stund kan vere grunn til å undre på om kommunen faktisk har dekning for. Dette med tanke på Statsforvaltaren sin ferske rapport og det faktum at det er uhyre vanskeleg å rette opp i alle kritikkverdige forhold «over natta».