Måndag føya Vanylven kommunestyre seg inn i rekkja av kommunar som går hardt ut mot kuttframlegga i helseføretaket. Fleire politikarar var på talarstolen og åtvara mot konsekvensane ei Mork-nedlegging vil gje.

Som kjent skal helseføretaket spare heile 131 millionar kroner, og ei nedlegging av Mork-senteret er eitt av kuttforslaga.

Nyleg hadde Vestlandsnytt eit intervju med fysioterapeut og leiar for rehabilteringstenesta i Herøy kommune, Roger Kvalsvik. I dette intervjuet tilkjennegav Kvalsvik nokre svært tydelege synspunkt, frå fagleg hald. Innhaldet i intervjuet har nådd ut, og ligg i mappene til fleire politikarar og andre som i desse dagar kjempar for å unngå ei nedlegging.

Denne veka brukte Vanylven kommunestyre innhald frå dette intervjuet som innhald i "vurdering og konklusjon", og avrunda med ei sterk fråråding av den føreslegne Mork-nedlegginga.

Her er delane av intervjuet som Vanylven kommune har brukt som underlag for si fråråding:

"– Det vert nærast katastrofalt for pasientane om Mork blir lagt ned. Dei som har vore ramma av slag, har veldig samansette problemstillingar når dei skal kome seg tilbake igjen. Det er også difor Mork er ein seksjon for spesialisert rehabilitering. Der har dei opparbeidd seg ein unik kunnskap om faget, ein tverrfagleg kompetanse der dei jobbar veldig godt saman, seier Kvalsvik.

– Lat oss seie helseføretaket sparar 10 millionar kroner på ei nedlegging. Resultatet vil bli ein langt meir utfordrande kvardag for mange pasientar som då vil bli overlatne til kommunale tenestetilbod, og dette er funksjonar som ikkje vil vere i nærleiken av å kunne yte same assistanse. Det vil også koste samfunnet mange gongar meir enn helseføretalet sparar, og i tillegg til det påverke kommuneøkonomien på svært negativt vis.

– Vi registrerer med glede at dei som har vore på Mork, har hatt veldig stor nytte av opphaldet, med god framgang i rehabiliteringa. Eg torer nesten ikkje å tenkje på korleis det vil verte for desse om det er kommunane som skal ta ansvaret for dei etter utskriving frå sjukehus, seier ein opprørt Roger Kvalsvik."

Innstiller på Mork-nedlegging i 2020

I fylgje avisa Møre-Nytt innstiller ei arbeidsgruppe i helseføretaket på at spesialisert rehabilitering blir samla ved Ålesund sjukehus. Om det skulle vedteke vil det bety ei nedlegging av både Aure og Mork, som i tillegg til Ålesund sjukehus i dag har spesialisert rehabilitering.

– Dette er dramatisk for oss, seier tillitsvalt Marte Husøy ved Mork rehabiliteringssenter til Møre-Nytt.

– Første bemanningsoppbygging i 2019 viss Aure vert lagt ned må ta høgde for at RSÅ (Ålesund sjukehus red. anm.) skal innarbeide nye driftsformer samtidig som dei skal drifte dagens tilbod. I perioden 2019 til 2020 må det leggast opp til ein tydleg effekt av endra arbeidsform og samarbeid med kommunene slik at det blir frigjort døgnplassar viss Mork vert lagt ned. Ei slik planlagt oppbygging i to etappar med flest nye stillingar i første året er avgjerande for å lukkast, heiter det i rapporten. (sitat Møre-Nytt).

Vil Ålesund sjukehus og kommunane kunne dekkje opp for eit bortfall av Mork Rehabiliteringssenter? Foto: Helse MR