Det er sendt ut raudt farevarsel som gjeld frå onsdag ettermiddag, og som følgje av vêret vil det sannsynlegvis bli stengde bruer og vegstrekningar, spesielt i ytre delar av fylket, opplyser fylkeskommunen.

Dette gjer at det er sannsynleg at busslinjer, ferjer/hurtigbåtar og skoleskyss i fylket, kan bli innstilt i løpet av dagen, onsdag ettermiddag.

Mange av elevane i vidaregåande skular i fylket har lang reiseveg med kollektivtransport. Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal vil derfor gjennomføre digital skole på onsdag.

- Vêrsituasjon tilseier at det kan bli store følgjer for framkomme i trafikken. Vegar kan bli stengd på grunn av trær eller andre objekt i vegbanen. Vi ber alle følgje råda som kjem og ta varslar på alvor. Vi vil følgje tett med på situasjonen, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen.

Det er òg venta krevjande forhold i indre strøk natt til torsdag, når vinden skal snu og det kjem nedbør, mest truleg som sludd og snø i indre strøk. Snøskredfaren aukar også vesentleg i løpet av onsdag ettermiddag/kveld.