Ingen annan art av sel finst så mange stadar i verda som steinkobben. For kystfolket i Noreg er han eit kjent syn langs heile landets kyststripe. Sørøyane er ikkje noko unntak, og selen kan vi møte rundt heile øygruppa.
Late dagar: Desse to steinkobbane fotograferte eg utafor Runde medan dei varma seg i sola. I sjøen er dei svært elegante dyr, medan dei på land er mildt sagt klumsete.