– Sit de her å sel leiker de då? Er det dykkar eigne leiker de sel eller?

Henrik Valseth Kvalsvik ser litt rart på oss før han bryt ut.

– Skulle det liksom vere andre sine? Det hadde vel blitt litt dumt.

Ein kan ikkje gjere anna enn å flire litt til merknaden. Saman med storebror Magnus og veslesystera Kristine har dei tre lina opp kvar si vesle salsbod i utkøyrsla utanfor huset sitt i Huldalen. Framføre dei ligg der små leiker av diverse slag, alt til sals, for den rette prisen.

Eg jobba med å sette opp ei prisliste på ting i går, i dag har eg generalprøve og i morgon skal eg drive butikk, smiler Henrik.

– Eg sel ting ganske billig faktisk, og det meste er ting eg ikkje brukar. Det kostar berre nokre kronestykke, legg han til. Han har openbert ambisjonane klare, noko også dei to andre har.

– Med meg kan folk kjøpe nøkkelringar, ei teikning og eit blad, seier Kristine med eit lurt smil. Vi ser på prislista hennar for å samanlikne med broren. Vi har openbert med ei lita businesskvinne å gjere. Ho tek nemleg tre gongar meir enn broren i pris.

Vi spør dei tre kva dei samlar inn pengar til. Dei ser litt på kvarandre og trekk litt på skuldrene.

– Eg ville berre tene meg litt pengar eigentleg. Litt feriepengar, forklarar Magnus.

– Kanskje eg kan kjøpe meg ein ny mobil etter kvart, skyt Henrik inn.

Men det er eit stykke att til eit slikt mål, men uansett, det skal ikkje stå på ambisjonar i Huldalen.