Det seier Gunn Urke Remøy, som står bak underskriftskampanjen «NEI til vindkraft i Herøy». Torsdag kunne ho overlevere 348 gyldige underskrifter til Herøy kommune.

– I utgangspunktet høyrdest vindkraft reint, grønt og fornuftig ut. Men så byrja eg å lese om alt som følgjer med, seier Remøy.

Vengekutta fuglar. Lågfrekvent, plagsam støy i mange mils omkrets. Blenkande lys, synlege frå fleire kilometers avstand ...

– Eg byrja å følgje litt meir med, og fann ut at Noreg har nok kraft. At vi skal rasere vår natur for at til dømes Tyskland skal få «rein» kraft? Det er faktisk ikkje litt logisk ein gong, seier Remøy, og viser mellom anna til at Zürich kommune i Sveits har kjøpt seg vindpark i Gjesdal.

– Det er faktisk ganske sjokkerande!

Vidare peikar ho på sjølve utbygginga av desse parkane.

– Berre for å byggje fundamentet til éi einaste mast, må det til 70 køyreturar med digre betongbilar. I tillegg skal det mellom anna lagast kabelgrøfter og anleggsvegar. Ein treng ikkje vere veldig smart for å skjønne at det blir ei enorm inngriping i norsk, flott natur. Og mastene skal sjølvsagt bli halde ved like. Eg undrast på om ikkje vinninga går opp i spinninga ...

Fekk ikkje signere for Ulstein

Remøy, som opphavleg er frå Ulsteinvik, ønskte i utgangspunktet å skrive under eit tilsvarande opprop for Ulstein. Det gjekk ikkje, då berre underskrifter frå eigen kommune er gyldige om ein skal få sett saka på politisk dagsorden.

Ein kompis foreslo at eg kunne starte ein eigen kampanje for Herøy, seier Remøy.

Som sagt så gjort.

Frå sofaen

– Eg er sjuk og relativt «ubrukeleg» i samfunnet for tida, men dette kunne eg fikse frå sofaen, så då gjorde eg det.

For å få saka «si» på politisk dagsorden, måtte Gunn samle inn underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane i Herøy.

– Dei to prosentane, 179 underskrifter, rann inn på under eit par timar, seier ho.

– Enkelt å seie nei

Det var ordførar Arnulf Goksøyr som stod for den reint symbolske mottakinga av underskriftene. I neste formannskapsmøte skal han og dei andre politiske representantane få ei sak om vindkraft på bordet.

– Det er spørsmål om korleis vi ska uttale oss i høyringa om nasjonal ramme for vindkraft. Personleg synest eg dette er meiningslaust, for Gurskøya har vore i fokus tidlegare og vi har hatt denne runda før. Det er klart at vi ikkje skal ha vindmøller på fjella våre! Den haldninga står ved lag, og det bør vere ein enkel sak for formannskapet å seie nei til utbygging i vårt område, seier Goksøyr.

Han har elles tru på at problemet vil løyse seg på anna vis.

– Eg reknar med at ornitologane tek seg av dette, smiler han.

– Ikkje bra for reiselivet

Ikkje berre ville ein eventuell vindpark på fjelltoppane vere til stor skade for natur og fugl. Det ville også øydeleggje for det som er i ferd med å bli ei viktig næring i vårt område, nemleg turisme.

– Eg har ikkje tru på vindmølleturisme, seier Goksøyr kontant.

– Då er det meir fascinerande å møte på desse turbinane på flatmarka på fastlandet i Tyskland eller noko sånt.