I ei pressemelding frå Redningsselskapet går det fram at det fram til 31. november drukna 97 personar, mens fem omkom i desember. To av dei omkomne vart funne i elver, mens to andre vart funnet i sjøen. Den siste personen hamna i vatnet etter å ha køyrt av vegen i Søgne. Framleis er godt vaksne menn overrepresentert på statistikken.

Det er særleg drukning i forbindelse med bading som bidreg til fleire drukningar i 2018 samanlikna med 2017. I 2018 drukna 18 personar i forbindelse med bading mot tre året før. Ni av dei omkomne var i 70- eller 80-åra, mens tre var barn mellom ni og 14 år.

– Det høge talet er truleg eit resultat av ein uvanleg fin sommar med stor badeaktivitet. Fleire av dei omkomne har bada åleine, og kanskje overvurdert eigne ferdigheiter, seier Tanja Krangnes, som er ansvarleg for fagfeltet drukning i Redningsselskapet frå 2019.

På den positive sida går talet på drukningar i forbindelse med bruk av fritidsbåt og vassportaktivitetar ned.