25. juli skreiv Vestlandsnytt at Sande kommune ynskjer å kvitte seg med Sparebanken Møre og Pareto som fondsforvaltarar, på grunn av svake resultat frå desse.

– Konklusjonen står likevel fast, men eg ynskjer å korrigere bildet som vart teikna i artikkelen, seier rådmann Trond Arne Aglen til Vestlandsnytt.

Internt arbeidsnotat med feil

Han beklagar at det han omtalar som «eit internt arbeidsnotat» om Sande kommune sine fondsplasseringar ved ein glipp har blitt utlevert til avisa.

– Dette skuldast kombinasjonen av omlegging til nytt saksbehandlingssystem kombinert med ferieavvikling, seier han, og legg til:

– Det er svært uheldig at våre samarbeidspartnarar gjennom mange år gjennom media blir kjend med kommunens planar om endringar, og ikkje gjennom samarbeidsmøte.

– Har avisa gjort noko feil i denne saka?

– Nei, avisa har berre gjort jobben sin. Eg har ingenting å utsetje på at avisa laga ein artikkel på saka, når det først vart offentleggjort, seier Aglen.

Han opplyser ar arbeidsnotatet i tillegg ikkje var endeleg, og inneheldt nokre vesentlege manglar.

– Dermed har oppslaget gitt eit noko ufullstendig bilete.

I reknestykket som låg til grunn, var det ikkje teke omsyn til uttaket på 2,5 mill. kroner frå Sparebanken Møre i 2008. Beløpet representerte ein vesentleg del av forvaltninga som Sande kommune hadde hos Sparebanken Møre, seier Aglen.

Han fortel at Sande kommune har vore i dialog med fondsforvaltarane og beklaga at saka først vart gjort kjent gjennom media, samt at det frå kommunen si side vart teikna eit feil bilde av resultata til Sparebanken Møre.

Skapte feilaktig bilde

– Det kan stå fram som svært uheldig når det vert skapt eit feil bilete av ein aktør som lever av tillit og god avkastning over tid, legg Aglen til.

Sande kommune har hatt eit godt samarbeid i mange år med alle fondsforvaltarane.

Det at kommunen nå ønsker å endre på sin fondsportefølje må sjåast i samanheng med ein større økonomirevisjon, der også gjeldsforvaltninga blir endra. Dette for å styrke kommunens økonomisituasjon, seier Aglen, som opplyser at valet om å kutte Sparebanken Møre og Pareto, står ved lag.