(Open leiar): Det står respekt av Bergsøy-trenar Ingrid Beate Smådal Hide. Ho reagerte med å stå opp mot uretten. Det skjedde etter at ein godt vaksen, mannleg fotballdommar sist helg kom med ufine kommentarar mot ho, overfor hennar spelarar på G16-laget. Utsegnene kan vanskeleg tolkast annleis enn som seksuell trakassering av den lovande trenaren.

Hendinga, som naturleg nok vart det store samtaleemnet etter kampen, leia fram til ein klage/rapport frå Bergsøy Fotball. Då vi tok kontakt med dommaren for ein kommentar, prøvde han seg med den klassiske «det var meint som ein spøk». Men han har varsla at han sluttar som dommar. Det siste er fornuftig.

Dette er nemleg ingen spøk, og verre vart det då vi fekk ny informasjon frå ein klubb ein annan stad på Sunnmøre. Der hadde same mann kome med kommentarar som mellom anna går på kroppsleg utsjånad på spelarane. Også der vart det rapport, men hendinga førte ikkje til reaksjonar frå fotballkretsen.

Vi må håpe og tru at dette er ei heilt eineståande hending frå nokon som faktisk representerer fotballkretsen under kampane, nemleg ein dommar. Dommarar trengst nemleg i fotballen (og handballen), så all ære til dei klubbane som jobbar aktivt med å rekruttere dei som skal handheve reglane.

Det skal også seiast at dommarane må vere hardhuda, for det er ikkje måte på kor mykje dei stundom må tole. Men det rettferdiggjer sjølvsagt ikkje slike grove overtramp.

Kanskje er episoden på Valderøya, om ikkje anna, eigna som ein kime til eit mildare klima generelt, under kampens heite? At ein tel til ti før ein sender av garde kommentarar, at fair play får endå sterkare vekt enn før? Mange klubbar og enkeltpersonar er veldig gode på fair play. Men alle kan bli betre.