Området NVE peikar på i vårt distrikt, dekkjer Hareidlandet, Gurskøy, heile Vanylven, sørvestover til Måløy austover til Nordfjordeid, og nordover igjen. Det er sjølvsagt ikkje slik at det kjem vindmøller over alt i dette området. Dette er eit framlegg frå NVE om områder som er best eigna for vindkraft.

Men det manglar noko viktig med det som vart lagt fram no, nemleg dei områda der det allereie er bygt, eller vedteke utbygging. Dei er ikkje med i den presentasjonen NVE la fram i byrjinga av april.

Det ligg an til ei gigantisk utbygging av vindmøller i norsk natur. Offisielt blir planane presenterte som klimatiltak, men dersom ein studerer dette litt grundig, ser ein at det er ein bløff. Dette er ein plan for å gjere nokre få aktørar rike, og vi skal betale med store naturinngrep. Det er ikkje mangel på straum som driv fram denne utviklinga, det er mangel på vit, og mangel på respekt for den vanlege kvinne og mann.

I programmet Debatten på NRK 2.april gjorde kraftanalytikar Marius Holm Rennesund greie for situasjonen. Hans prognoser viser at om vi byggjer ut alle vindparkar etter planen, vil vi i 2030 produsere 32 terrawattimar med vindkraft. Det er ca. tre gongar årsforbruket i Oslo. I 2030 vil vi ha så mykje overskot av kraft, at vi må selje 75 prosent av krafta ut av landet. Sjølv om prognosane er ein del feil, vil kraftoverskot vere stort i heile Norden i 2030.

NVE stadfestar dette, og dei skriv fylgjande på si heimeside, sitat: «Norske kraftpriser kan bli høyere i fremtiden, til tross for at det bygges mye vindkraft og det norske kraftoverskuddet øker. Det viser NVEs nye kraftmarkedsanalyse mot 2030», sitat slutt.

NVE reknar med ei firedobling av kraftoverskotet mot 2030. Kortversjonen er at vi skal akseptere øydelagd norsk natur, for å produsere straum som nokre få investorar skal tene pengar på. Er vi snille og held kjeft, får vi ei høgare straumrekning som takkekort frå kraftbransjen. Kvifor skal vi akseptere det?

Men, så kjem ein eller annan luring og fortel oss at vi er med på å berge klimaet, når vi bidreg med rein energi og fasar ut kolkraft i Europa. Vi er absolutt ikkje egoistar, når vi seier nei til det, for det er nemleg mykje meir gunstig å bygge ut vindkraft både i Danmark og Tyskland. Der det er flatt kan ein greie seg med mykje mindre areal, enn i den kuperte norske naturen. Det er heller ingen som har fortalt oss. Dei som greier å kalle noko for eit klimatiltak i desse dagar, vinn pressa og opinionen lett, alle nikkar. Sjølvsagt har vi dårleg samvit etter to sydenturar i året og to dieselbilar i garasjen. Men dersom vindturbinar på 180 meter langs turløypa er det som skal til for å bøte på samvitet vårt, har vi spelt fallitt.

Men kva betyr urørd natur for folk her oppe i hav- og fjellandet? ALT, er som regel svaret ein får, når ein spør folk.

Det er nesten umogleg å plassere fin natur i eit rekneskap, med mindre det er ein viktig innsatsfaktor i turisme. Men naturen er ein del av verdiskapinga, og rekreasjonen og opplevingane i fjell og fjøre må aldri undervurderast for menneska som bur rundt om i landet.

«For å redde klimaet må vi ofre litt natur» skreiv Dagbladet bl.a. på leiarplass den 15.april. Ja, det er trygt å meine det når ein sit midt i Oslo, vel vitande om at Nordmarka er freda. Dagbladet meiner med andre ord at dette skal redde klimaet, og dei veit håpefullt at det ikkje er sant.

Skal vi berge klimaet ligg hovudoppgåva å redusere bruken av fossilt drivstoff, det er det som er utfordringa. Greier vi ikkje det, kan vi fylle gamlelandet med vindmøller til inga nytte.

Vi menneske er med på det meste når vi ser at det er framsteg og utvikling. Men planane om vindkraft i norsk natur er ein dekkoperasjon for å skaffe profitt til nokre få, og dyr straum til oss – og galskapen blæs ikkje vekk.

Ha ein vaken fredag.