Fredag kl. 16:30 valde vi å besøke omsorgssenteret i Myrvåg. Vi var der, delte ut frukt og twist, samstundes som vi song litt songar og snakka med pasientane.
Ein av grunnane til at vi valde å besøke omsorgssenteret var at vi synest det er kjekt og kunne spreie glede blant dei eldre også. Sjølv om kanskje ungar er dei som er mest begeistra for russen, er det også hyggeleg å høyre historier frå då dei eldre var på vår alder. Tida forandrar seg og det gjer også russefeiringa! Vi ynskjer også å vise at russetida ikkje berre handlar om fest, men at vi ynskjer å glede flest mogleg, uansett alder!
Vi ynskjer også å rette ei stor takk til Kiwi Myrvåg og Coop Marked Tjørvåg. Vi ynskjer å takke begge desse butikkane for fruktkorgene som blei overlevert til avdelingane ved omsorgssenteret. Det er hyggeleg at dei er med på å støtte slike tiltak og at dei er så positive.
Sjefane ved Myrvåg Omsorgssenter, Ane Nære og Gry Dragsund Vike seier dette om besøket:
«Vi vil takke russen for veldig kjekt besøk. Helsing Myrvåg omsorgssenter.»
sigrid pedersen