Utanfor boksen-alternativ om ferjesituasjonen i Sande:

Kva med å legge ned Larsnes ferjekai?

I eit innspel til prosjektgruppa for samferdsel sitt arbeid med reguleringsplan for ferjesituasjonen i Sande kjem Håkon Vestnes med eit noko oppsiktsvekkande forslag.

Slik ser Håkon Vestnes føre seg ei alternativ ferjeløysing (Tid/frekvens): Ferje Årvik-Koparnes (12 min/30min). Åram Kvamsøy (15 min/30 min) Åram voksa (15 min/30 min). Køyrelengde Larsnes-Årvik 5 min, Koparnes-Åram ca 14 min.   Foto: Håkon Vestnes

Nyhende

– Kva med å legge ned Larsnes ferjekai og flytte denne trafikken til Årvik-Koparnes, spør Vestnes.