Nordmørsselskap kjøper Sandsøy Servicebåt AS

Den sterke konkurransen i servicebåtmarknaden har vore medverkande til at Sandsøy Servicebåt AS no vert selt og går inn under Abyss Group sin paraply.

Sel familieselskap Dagleg leiar Aksel Ivan Bringsvor og styreleiar Inge Bringsvor i Sandsøy Servicebåt AS, selskapet som no vert selt til Abyss-gruppa i Kristiansund.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

Abyss er eit større selskap som opererer i same bransje som Sandsøy Servicebåt AS. Dagleg leiar Aksel Ivan Bringsvor i Sandsøy Servicebåt kjøper seg som ein del av handelen inn i overtakande selskap, og vert regionleiar i Abyss si nye avdeling på Sunnmøre med base i Ulsteinvik.