Nytt positivt koronatilfelle i Herøy måndag kveld

Korona illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Det er i dag meldt éin positiv covid-19-test i Herøy, melder Herøy kommune. Testen var teken som rutineundersøking i samband med helseteneste. Den vert følgd opp med PCR-test for å stadfeste funnet. Isolasjon og karantene er sett i verk førebyggande.