Mikkelholmen:

Tilsvar frå Sande kommune

- Eg skal vere heilt klar på at den tilsette som har handtert dei nemnde sakene har utført sine plikter på vegne av kommunedirektøren, skriv kommunedirektøren.

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Eg viser til to lesarinnlegg publisert i Vestlandsnytt 04.01.22 og 07.01.22. Lesarinnlegga er ført i penn av Jan Håkon Støyle og Bjørn Våge. Hovudessensen i begge innlegga er knytt til Mikkelholmen på Sandshamn og frustrasjon med teknisk sektor i Sande kommune. I begge innlegga, og i ein redaksjonell artikkel, er Sande kommune framstilt som om praksis er at sakshandsaming er overlate til ein einskild namngitt tilsett.



Eg skal vere heilt klar på at den tilsette som har handtert dei nemnde sakene har utført sine plikter på vegner av kommunedirektøren. Slik sett er det beklageleg, og til dels skuffande, at Bjørn Våge og Jan Håkon Støyle vel å føre dialog med kommunen gjennom Vestlandsnytt med krass personkarakteristikk utan ved eit einaste høve å ha forsøkt å ta direkte kontakt med vedkomande, teknisk sjef eller kommunedirektør.

I enda større grad er det beklageleg at Vestlandsnytt vel å publisere innlegga med dette innhaldet. Det bør vere openbert for ein redaktør at oppfølging av lover, føresegner og kommunestyret sine vedtak er gjort på vegner av Sande kommune. Vestlandsnytt bør vite at slike innlegg ikkje skal hengast på einskildtilsette, som om dei handla etter eigen vilje. Det er sterkt kritikkverdig at Vestlandsnytt trykker slike innlegg utan at Sande kommune har fått høve til å kome dei alvorlege påstandane i møte i sanntid. Innlegga er brukt til å produsere redaksjonelt innhald, framleis utan at Sande kommune får kome påstandane i møte. Det kan sjå ut som der ikkje er ein tanke om at påstandane kan vere ubalanserte og derfor gi lesarane feilaktig informasjon, det gir grunn for å spørje etter det redaksjonelle gangsynet. Eg trur ikkje Vestlandsnytt med dette bidreg til å styrke verken bulyst, engasjement eller samhandling i Sande kommune.

Reguleringsplanen på Mikkelholmen er eit godt døme. Bjørn Våge omtaler denne som ein plan saksbehandlar har drege fram frå ei skuff på eit, for han, passande tidspunkt. Våge har heilt rett i at planen er av eldre dato. Like fullt er planen gjeldande. Reguleringsplanen er vedteken i kommunestyret, og stadfesta av Statsforvaltaren. Avviket ligg i at vegane ikkje er etablert i tråd med reguleringsplan og føresegner. Kommunen har ikkje mynde til å sjå bort frå det. Eit velmeint råd til grunneigarane om å finne felles løysing og søke dispensasjon blir hausa opp som kritikkverdig og lettvint. Det fortel meg at nokre av grunneigarane ikkje har skjønt alvoret, og vår intensjon, i saka på Mikkelholmen.

Ein reguleringsplan gir både rettigheiter og plikter for rettigheitshavarane i planområdet. Eg er trygg på at mine tilsette skal handsame innspel og førebu saker knytt til Mikkelholmen på ein forsvarleg måte. Bjørn Våge skriv det så godt i innlegget sitt, og eg er heilt tydeleg på at slik skal det bli gjort: «Det er Teknisk etat sin jobb å sjå til at saker er handtert etter lova.

Anders Norvald Hammer, kommunedirektør