Velkomen til jul på Herøy

No kan vi endeleg møtast til førjulsaktivitet på Herøy igjen. Andre søndag i advent inviterer vi små og store til kjekke aktivitetar og gode opplevingar i eit julepynta kystmuseum!

HERØY: Herøy kystmuseum ligg i vakkert kulturlandskap på øya Herøy og syner den gamle handelsstaden slik den vaks fram frå 1770 til byrjinga av 1900-talet. Til jul pyntar vi roma i hovudhuset slik det var vanleg rundt hundreårsskiftet, og i heile adventstida kan du sjå gjennom vindauga og oppleve julestemninga slik den var på Herøy for over hundre år sidan! Foto: Stine Voldsund Kleven. 

Rett plassering av røyk- varslaren:
  • – Monter røykvarslaren på det høgste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen.
  • – Ha minst éin røykvarslar i kvar etasje.
  • – Viss bustaden har fleire etasjar, bør du plassere røykvarslarar nær trappene, slik at lyden frå alarmen ber betre gjennom etasjane.
  • – Installer minst éin røykvarslar per 60 kvadratmeter.
  • – Ikkje la avstanden mellom to røykvarslarar vere større enn 12 meter.
Nyhende

Stemninga på Herøyholmen er heilt spesiell om vinteren! Når dagane er kortare vert lyset særleg flott på øya, og besøkande denne dagen kan nyte den vakre blåtimen.

I sjøbua, eldhuset og vinkjellaren vert det aktivitetar for born og unge der ein kan støype julelys, lage fuglemat, papirjulestjerner, spikke nissar, trykke motiv med meir. Deltakarar frå skrivekurs for ungdom vil presentere ulike tekstar dei har skrive.

Saman med Sparebanken Møre inviterer vi også til konsert med Herøy si sprudlande og svært dyktige songarinne, Elise Nærø! På tunet samlast alle til ei stemningsfull og fin stund med musikalske perler, og etterpå går vi rundt juletreet og syng kjende julesongar på plenen framfor hovudhuset.

Det vil bli boksignering, sal av risgrynsgraut, kaker, varm og kald drikke, hefter, bøker, saueskinn og andre varer frå lokale tilbydarar.