Thomas Stordalen svarar om "Vidundermedisin":

Sjå direktesending frå "Psykologtimen" med kommunepsykolog Tomas Myklebust

Nyhende

Fyrste onsdag i kvar månad arrangerer kommunepsykolog i Sande, Ulstein og Vanylven, Tomas Myklebust «Psykologtimen» på Biblioteket i Ulsteinvik.


Sjå direktesending frå "Psykologtimen" i Ulstein

Onsdag 3. november klokka 19.00 inviterer kommunepsykologen i Ulstein, Sande og Vanylven, Tomas Brandal Myklebust, til "Psykologtimen" frå biblioteket i Ulstein. Han har med seg Thomas Fjeldvik Peterson som gjest og saman skal dei snakke om temaet framtidstru.


- Dette er ein attraktiv time for veldig mange, med uformelt og nyttig innhald for alle. Uansett kvar ein er i livet. Til tider har det vore heilt fullt på føredraga, med over 200 høyrar i salen. Biblioteket har ei lun og fin ramme for eit slikt arrangement, og gjer Psykologitimen til ei attraktiv stund. Tema og agenda varierer frå gong til gong, men gjennom det siste året har Tomas våre innom både Søvn, Rus, Ungdom og Framtidstru, seier Ellen Skodjevåg Bø Ho driv føretaket Sytalaust som også jobbar med konseptet saman med Sparebanken Møre, Vikebladet Vestposten og Ulstein kommune.

Kveldens gjest

Myklebust held anten foredraga åleine, eller saman med ein gjest. Slik som i dag, 1. desember, då kommunespykologen har invitert med seg Thomas Stordalen til å inspirere om temaet «Vidundermedisin».

- Stordalen har hatt ein tøff oppvekst, men etter at han starta å springe, betra livskvaliteten seg betrakteleg, og no ynskjer han å inspirere andre til fysisk aktivitet. Så sterkt brenn han for dette temaet at han i august i år sprang 30 maraton på 30 dagar, med mål om at vi må ha meir openheit rundt temaet mental helse, opplyser Skodjevåg.

I denne sendinga vil Tomas og Thomas saman gi oss oppskrifta på korleis ein kan leve betre lenger, og korleis redusere risikoen for hjarteinfarkt, diabetes, kreft, depresjon og demens.

- Dei meiner ikkje vi skal springe ein maraton pr dag, men er ganske sikre på at fysisk aktivitet vil betre hukommelsen, betre stressmeistring, auke kreativiteten og gjer oss meir intelligente.