Sju nye smitta i Herøy måndag

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Til saman sju personar testa positivt for covid-19 i løpet av måndagen. Det melde Herøy kommune i ei pressemelding seint måndags kveld.

To av dei sju er elevar ved Blåhaugen skule.

- Ein elev kl 3B og ein elev i kl 4B ved Blåhaugen skule har måndag kveld testa positivt for covid-19. Elevane hadde ikkje symptom på sjukdom i skuletida måndag. Førebels har smittesporinga ikkje avdekt smittevegen i desse tilfella, men det arbeidet held fram, skriv kommunen.

- Klasse 3A og 3B hadde felles aktivitetar i dag. Det same gjeld klasse 4A og 4B. Til saman omfattar dette 66 elevar med tillegg av tilsette.

Skal ta sjølvtest

Kommunen skriv at elevar i desse klassene, samt tilsette, gjennomfører sjølvtest før dei møter på skule tysdag. Elevar/tilsette som har negativ sjølvtest kan møte på skulen som vanleg, skriv kommunen

- Vidare testregime vert fastsett i. Føresette vert informert om det då. Undervisning og aktivitet ved Blåhaugen skule for denne elevgruppa vert tilrådd gjennomført adskilt frå resten av elevane ved skulen. Elevane vert tilrådd redusert sosial aktivitet på fritida ut veka. Særskilt vert det rådd til redusert kontakt med eldre og sjuke i familien, står det i pressemeldinga.