Konkurranse:

Bli med ut og lage snømann?

Vi inviterer alle barn i Herøy og Sande til å delta i Vestlandsnytt sin snømann-konkurranse i desember!

Krabat: Denne karen, som har fått namnet «Snowie», er laga av seksåringane Adem, Gabriel og Leander på Voldsund, torsdag 25.11.2021. foto: Leander Spiro 

Nyhende

Av og til får vi snø i desember, og med litt flaks, vert det fleire kvite dagar i år. Dersom det skjer, er det berre å springe ut, sleppe kreativiteten laus og bli med på vår snømann-konkurranse!

Slik gjer du

• 1. Spring ut og lag ein snømann

• 2. Ta eit bilde av snømannen

• 3. Send bildet til redaksjon@vestlandsnytt.no, saman med namn og alder på den/dei som har laga snømannen. Merk emnefeltet med «snømann».

Fristen for å sende inn bildet er tysdag 14. desember.

Bilda kjem på trykk

Bilda vi får inn i konkurransen kjem på trykk i sjølvaste juleavisa vår, 21. desember. I tillegg kårar vi ein vinnar, som stikk av med premien; ein stilig rattkjelke av typen Hamax Snow Blade.

NB! Vi oppmodar alle foreldre, besteforeldre, lærarar og barnehagetilsette om å engasjere «sine» barn i konkurransen!